Hedalen/Begnad. - FK Vang: 3-2 (2-0)

PUBLISERT 27. mai 2022
Hedalen stadion 27.05.2022 kl. 19.00
Dommar: Frank Evertsen, Ø.Slidre IL.
Publikum: Ca. 80 stk.
Hedalen/Begnadalenb fekk ein fortjent seier i kveldens oppgjer på
grasbanen i Hedalen.
FK Vang scora sine 2 mål i sluttminutta og skapte litt nerver i
kampen, men desverre for seint.
Fyrste kampen på gras i år, banen var fin men gjestene sleit med å
finne seg til rette.
FK Vang skapte sjanser i starten og det var tilløp i
begge boksene, men Hedalen scorer kampens fyrste mål etter 16
minutt. Omgangen ender med 1-0 til Hedalen og FK Vang har på ingen
måte gjett opp håpet i pausa, men me er ikkje fornøyd med
prestasjonen. Veldig synd for kampen og FK Vang at Eivind måtte ut
etter kun 10 minutt pga ein strekk.
Andre omgangen starter som den fyrste, med sjanser begge veger,
men følesen er at vertene er giftigast. 17 minutt ut i omgangen
kjem 2-0 og 3-0 i det 30. minutt. Kampen føles kjørt med 3-0 i
sekken, men spenninga stig når Emran klarer å få nikka inn
redusering i det 88. minutt etter hedding assist frå Haakon. 3-2
kjem i det 90. minutt etter avsluttning i tverrliggar og ned på
innsida av streken av Patrick og spenninga er til å ta og
føle på i tida som blir lagt til.
Hedalen har ei god senterlinje i laget med raske folk fremst
og stødige folk heilt ned til og med keeperen.
Sjansemessig var FK Vang brukbart med i heile kampen, Hedalen er
notert med 14 sjanser mot FK Vang sin 10. Cornerstatistikk viser 4
til Hedalen og 8 til gjestene.
Laget: Kjell Magne, Emran, Andris, Patrick, Olav, Even, Kim,
Åsmund B, Eivind, Piotrek, Tobias, Andreas, Haakon, Ole Andreas og
Marcus.
Seks endringer i troppen frå sist kamp seier sitt, men supert
at Marcus Hemundstad stilte opp på kort varsel.
Dagens FK Vang mann vart Kim Bøland med sine 9 stjerner, 2.
plassen vart delt av 3 stk. Piotrek, Åsmund B og Patrick. Olav kjem
også på pallen med sine 4 stjerner i kåringa.
Honør til suportergjengen som tar turen fra Vang, vi
er stolt av dere!
Bagn - FK Vang: 2-3 (1-0)
PUBLISERT 17.06.2022
Fossevang Stadion kunstgress fredag 17. juni kl. 19.00. Dommer: Jan Erik Haugom, Vardal IF. Speaker: Ja. Publikum: Ca 40 stk. Gjestene drog det lengste strået i kveld etter ekte hattrick av Tobias Kassel i ei periode på 6 minutt i andre omgang. Bagn var påskrudd og scora dei to første måla i kampen. Før pause var det stillingskrig og tilløp begge veger, men Bagn hadde 1-0 denne omgangen. FK Vang er det beste laget etter pause og det føles som ein fortjent seier når dommaren bles for full tid.
FK Vang - Vest Torpa: 2-1 (0-0)
PUBLISERT 10.06.2022
Tveit stadion kunstgras 10.juni 2022 kl. 19.00. Dommer: Frank Evertsen, Ø.Slidre IL. Speaker: Vidar Kassel. Kampverter: Kjell Otto Framstad og Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 30 stk. Herlig med en veldig fortjent seier som kom på overtid i kveldens oppgjer på Tveit. Straffa til Tobias Kassel og innlegget til Eivind Bakkene kom i det 86. og det 91. minutt av kampen og helga er velkommen med 3 poeng.
Even Sandsengen Neshagen
PUBLISERT 06.06.2022
Even har spelt aldersbestemt fotball for FK Vang i mange år allerede, men er kun 14 år (fyller 15 år i juli) Mr. Neshagen vart konfirmert denne helga, men før dette altså forrige fredag spelte han 90 minutt for A-laget mot Ø.Slidre/Rogne, slå den! Even er veldig treningsvillig og seriøs og er fast bestemt på å nå langt innanfor fotballen. Han har god teknikk god fysikk og er godt trent, han spelar også fast på G15 laget.
Kabid Dostekhel
PUBLISERT 06.06.2022
Velkommen tilbake til FK Vang Kabid. Kabid har spelt for Valdres FK nokre sesongar, men er no tilbake i FK Vang. Han bur og arbeider i Vang, me ynskjer han lykke til i kvit og svart drakt.