FK Vang - Bagn: 1-2 (1-1)

PUBLISERT 17. september 2022
Tveit stadion kunstgras, lørdag 17.september kl. 15.00.
Dommer: Frank Eversten, Øystre Slidre IL.
Speaker: Ordfører Vidar Eltun.
Kampvert: Kjell Otto Framstad.
Publikum: 74 stk.
Bagn drog det lengste strået i dag og fekk med seg 3 poeng i ei
jamn batalje på Tveit stadion.
Heimelaget var svekka etter skada til Andris og forfall frå
brødrene Bakkene, Kasper, Marcus samt att Piotrek måtte ut etter
kun 10 minutt med skade i leggen.
FK Vang starta bra med frisparket frå Åsmund Lindvik Råbøl som går
inn i nettmaskene via Bagn sin keeper, dette skjer etter 1.
minutt.
Bagn scora sine 2 mål i slutten, etter at FK Vang hadde nokre
megasjanser.
Hallgrim Rogn som ikkje har spelt aktivt på fleire år, blir dagens
FK Vang mann med god margin.
Sør Aurdal sine 2 lag i årets 6. divisjon har dermed avgjort årets
serie.
FK Vang var med heilt inn og har hatt ein meget god sesong etter å
ha mista over halve laget til Øystre Slidre/Rogne frå forrige
sesong.
Gutane kan væra meget tilfreds med det som er prestert, også
dei som kom inn for alle forfalla i dag. Laget har faktisk vore
bedre denne sesongen enn den forrige og det lover godt
framover.
FK Vang sine to tidlegare kapteiner, no Ø.Slidre stilte seg
på Bagn sin benk 10. minutt før slutt, det var rimeleg skuffande
og umusikkalsk spør du meg. Kva desse hadde å gjera på
den benken kan ein lure på, men nok om det.
FK Vang hadde 1- 0 til pause og denne stillinga var den same
fram til 10 minutt før slutt.
Bagn hadde noen tilløp og var tøffe i dueller
og påskrudd, men skapte ikkje så mykje.
Før utligninga hadde FK Vang 2 megasjanser, ei i stonga og ei som
rulla etter målstreken.
Bagn har ei sjanse åleine mot vår keeper som blir redda
elegant. Og så skjer det som ikkje skal skje, dårlig avklaring
frå oss som blir til sjanse for Bagn og scoring. 1-1 og FK
Vang må ha mål for å kjempe om tittelen i årets serie. Vi
skaper noe, men Bagn står godt i mot og får vinnermålet
ufortjent på slutten av kampen.
Laget: Kjell Magne, Adrian, Hallgrim, Haakon, Olav, Jan Magne,
Kim, Åsmund L R, Even, Piotrek, Tobias, Sebastian, Kabid, Kristian,
Gard og Eskil.
Dagens mann vart Hallgrim Rogn med god margin, storvegs av 85.
modellen som ikkje har vore i elleveren på 15 år!
Nummer 2 i kåringa vart Åsmund Lindvik Råbøl, han hadde ein sterk
oppptreden på midtbanen i dag og fekk også scoring. Tobias Kassel
er nummer tre og atter på pallen.
Gode innhopp av dei som ikkje har hatt så mykje speletid
er gledeleg.
A-laget takker publikum og alle som har fulgt oss i år,
Kassel familien tror jeg har vært på alle kamper. Slå den!
Fekk innspel frå Ole Andreas at Kasselfamilien hadde
gått glipp av Slidre/Røn kampen pga kælving, men lell då
gut.
Ole Andreas, e veit kji um 74 stemme, men de æ nemme. Mø
savna de i dag.
Fotballfest FK Vang 2022
PUBLISERT 30.10.2022
Klubbhuset på Tveit Stadion laurdag 29.10.2022 Tobias Kassel, årets spelar, toppscrar og assistkonge FK Vang A-lag sesongen 2022! Slå den!
Nye karer i stallen
PUBLISERT 29.09.2022
Kristian Thunshelle, Gard Berge Kvien, Sebastian Kvale og Eskil Kjøs ønskes velkomne i stallen til A-laget. Alle fra Vang og alle har også gått gradene i FK Vang.
Vest Torpa - FK Vang: 2-3 (1-2)
PUBLISERT 10.09.2022
Lundemoen grasbane lørdag 10. september kl. 13.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Ja. Publikum: 67 stk. Ole Andreas har full kontroll på telling, 5 frå Vang. Andris Løken Helle vart dessverre skadet tidlig i kampen og måtte ta turen til Gjøvik i ambulanse. Laget spilte for Andris resten av kampen og klarte fortjent 3 poeng mot en motstander som er tøffe å møte i Torpa. Andris fekk ei kneskade, men etter rapporten fra han selv fra sykehuset høres det ut som det har gått rimelig bra selv om kneet var ute av ledd. Andris fortjener virkelig bilde på nettsida etter denne kampen.
Øystre Slidre/Rogne - FK Vang: 1-1 (0-0)
PUBLISERT 01.09.2022
Rogne stadion kunstgras, torsdag 1. september kl. 19.30. Dommer: Morten Huset, Aurdal Leira IL. Speaker: Nei. Publikum: 51 stk. ved kampstart, Ole Andreas telte. Totalt ca 70 stk litt ut i kampen. Avisa Valdres: Nei, sparer garantert mykje drivstoff ved å holde seg i Fagernesområdet! FK Vang var det klart beste laget før pause og Øystre Slidre best etter hvilen. Poengdeling i ein tempofylt kamp på Rogne stadion i kveld, der begge laga slo mykje langt etter pause. Gjestene mangla desverre nokre spelara i kveldens kamp, men guttene som fekk innhopp gjorde sine saker bra.