Tobias Kassel9 mål i 2022
Åsmund Bakkene5 mål i 2022
Eivind Bakkene4 mål i 2022
Ingen mål registrert
 

Vest Torpa - FK Vang: 2-3 (1-2)

PUBLISERT 10. september 2022

Lundemoen grasbane lørdag 10. september kl. 13.00
Dommer: Frank Evertsen
Speaker: Ja
Publikum: 67 stk. Ole Andreas har full kontroll på telling, 5 frå Vang

Andris Løken Helle vart desverre skadet tidlig i kampen, og måtte ta turen til Gjøvik i ambulanse. Laget spilte for Andris resten av kampen og klarte fortjent 3 poeng mot ein motstander som er tøffe og møte i Torpa.
Andris fekk ei kneskade, men etter rapporten fra han selv fra sykehuset høres det ut som det har gått rimelig bra selv om kneet var ute av ledd.
Andris fortjener virkelig bilde på nettsida etter denne kampen.
 
Kampen startet bra for FK Vang sin del, gjestene fekk frispark etter minuttet og kampuret viste kun 1 min og 45 sekund når Åsmund Bakkene slo frisparket via ein Torping og i mål. Tobias Kassel får assisten på scoringa i og med at han vart felt.
Kampen bølga litt etter dette med sjanser begge veger, vi gav også bort noen enkle baller i pressede situasjonen i vårt bakre ledd.
Skada til Andris kom ette ca. 15 minutte, det var ingen takkling, men han landa litt uheldig etter opphoppet på ei hedding. Det tok kanskje 10 minutt før kampen var igang at og Adrian Grzebieniak kom inn på backplass og Marcus Hermundstad tok plassen til Andris.
Neste mål til FK Vang var dagens fineste angrep som starta heilt frå keeper, det er til slutt Piotrek Waclawski som har assisten til Tobias Kassel som scorer sikkert etter 26 minutt. FK Vang er rimelig gode etter dette, men på overtid kjem reduseringa etter at vi ikkje får avklara.

I pausa er laget fast bestemt på at denne kampen skal me vinne for Andris, og slik blir det heldigvis.
Laget er bra etter pause, men er med på mykje lange baller som er angrepsvåpen nummer 1 til Vest Torpa.
Det blir ikkje dei store sjansene til noen av lagene før FK Vang scorer igjen 21 minutt ut i omgangen. Tobias Kassel har denne gongen assisten og Piotr Waclawski scorer sikkert.
Vest Torpa har ei hedding i stanga, men utover det er dei ikkje veldig farlige.
Men som seg hør og bør gjer me bort at ei gåvepakke som fører heimelaget inn i kampen igjen etter 76 minutt.
Så mykje meir skjer det ikkje etter dette og FK Vang vinn fortjent i Torpa.

Eg fekk også ei melding fra Vest Torpa sin kaptein ved heimkomst til Vang, der han lurte på tilstanden til Andris og med helsing frå Vest Torpa til Andris om god bedring etter uhellet.
Fin gest frå ein sympatisk kaptein på heimelaget.

Laget: Kjell Magne, Marcus, Andris, Kasper, Olav, Even, Kim, Åsmund, Jan Magne, Piotrek, Tobias, Adrian, Sebastian og Ole Andreas.
Alle fekk speletid i dag, ungutane Adrian, Even og Sebastian får meir en godkjent. Bra med rekruttering, 15. åringen Sebastian Kvale med god deby på A-laget i dag. 

Stjerner i dagens kamp vart: Tobaias Kassel og Kasper Kjeldsen på øverste platå på pallen, Piotrek Waclawski på sølvplass og Marcus Hermundstad og Åsmund Bakkene deler 3. platået på pallen.

Moro att Marius Helgå var på besøk i Torpa.
Han er vel den personen i Norge som har besøkt flest fotballarenaer.

Marius har lagt filmer og klipp ut på Twitter:
bomball.blogspot.com/2022/09/vest-torpa-fk-vang-2-3.html?fbclid=IwAR1Z1LIsruUmktgbCWg6D8One-FrjtK13Z74uo72w9ON3TxayhfpqE 

 

 

 

  
   

      

 

Fotballfest FK Vang 2022

PUBLISERT 30.10.2022

Klubbhuset på Tveit Stadion laurdag 29.10.2022 Tobias Kassel, årets spelar, toppscrar og assistkonge FK Vang A-lag sesongen 2022! Slå den!

Les meir »

Nye karer i stallen

PUBLISERT 29.09.2022

Kristian Thunshelle, Gard Berge Kvien, Sebastian Kvale og Eskil Kjøs ønskes velkomne i stallen til A-laget. Alle fra Vang og alle har også gått gradene i FK Vang.

Les meir »

FK Vang - Bagn: 1-2 (1-1)

PUBLISERT 17.09.2022

Tveit stadion kunstgras, lørdag 17. september kl. 15.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: 74 stk. Bagn drog det lengste strået i dag og fikk med seg 3 poeng i ei jamn batalje på Tveit stadion. Heimelaget var svekka etter skada til Andris og forfall frå brødrene Bakkene, Kasper, Marcus samt att Piotrek måtte ut etter kun 10 minutt med ei skade i leggen. FK Vang starta bra med frisparket frå Åsmund Lindvik Råbøl som går inn via Bagn sin keeper, dette skjer etter 1. minutt. Bagn scora sine 2 mål i slutten, etter at FK Vang har nokre megasjanser. Hallgrim Rogn som ikkje har spelt aktivt på fleire år, blir dagens FK Vang mann med god margin.

Les meir »

Øystre Slidre/Rogne - FK Vang: 1-1 (0-0)

PUBLISERT 01.09.2022

Rogne stadion kunstgras, torsdag 1. september kl. 19.30. Dommer: Morten Huset, Aurdal Leira IL. Speaker: Nei. Publikum: 51 stk. ved kampstart, Ole Andreas telte. Totalt ca 70 stk litt ut i kampen. Avisa Valdres: Nei, sparer garantert mykje drivstoff ved å holde seg i Fagernesområdet! FK Vang var det klart beste laget før pause og Øystre Slidre best etter hvilen. Poengdeling i ein tempofylt kamp på Rogne stadion i kveld, der begge laga slo mykje langt etter pause. Gjestene mangla desverre nokre spelara i kveldens kamp, men guttene som fekk innhopp gjorde sine saker bra.

Les meir »