Tobias Kassel9 mål i 2022
Åsmund Bakkene5 mål i 2022
Eivind Bakkene4 mål i 2022
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Ø.Slidre/Rogne: 2-4 (2-1)

PUBLISERT 3. juni 2022

Tveit stadion kunstgras, fredag 3. juni kl. 19.00.
Dommer: Morten Huset, Aurdal Leira.
Speaker: Ordfører Vidar Eltun.
Kamvert Kai Rune Hemsing.
Publikum: 70 stk.

FK Vang var gode i kveld, med tanke på store forandringer i troppen i forhold til sist kamp.
Kampen i kveld vart avgjort på slutten og burde ha bikka heimelaget sin veg med tanke på spel og sjanser.

Fyrste omgangen starter bra av FK Vang som er det klart beste laget heile omgangen.
Haakon Wahlquist scorar FK Vang sitt fyrste mål på nydeleg vis etter assist frå Even Neshagen (konfirmant på søndag) i det 16.minutt.
Eivind Bakkene går ut for å ta corner frå vår høgreside i det 36. minutt, han skrur corneren rett i mål, kanskje via ein frå gjestene men Eivind blir kreditert scoringa.
Heimelaget er klart best og skaper 5 gode sjanser denne omgangen, men står med 2 mål på blokka til pause. Heddinga i stanga fra Piotrek etter langt frispark fra Kasper er stor.
Ø. Slidre er rett og slett dårlige denne omgangen, men får litt energi med ei lettkjøpt straffe minuttet før pause. Straffa er vel det dei har denne omgangen.

FK Vang er godt tilfreds i pausa, gjengen maner opp til god innsats siste omgangen og styrer egentlig kampen også store deler av 2. omgang.
Fem sjanser er notert også denne omgangen, men ingen mål desverre. Ø.Slidre får utligninga i det 80. minutt og det står 2-2 i kampen. Etter dette har FK Vang nokre giga sjanser, men avsluttningane må koma på mål også når det berre er å plassere ballen i åpent mål.
Det blir litt Hawaii på slutten når begge laga øyner 3 poeng, Ø.Slidre dreg ufortjent det lengste strået og vinn kampen med scoring nummer 3 og 4 i det 89. og 90. minutt.

Moro med fotball er det uansett når laget presterer bra, spelarane hadde virkeleg fortjent 3 poeng i kveld.

Laget: Kjell Magne, Emran, Thomas, Andris, Olav, Even, Kasper, Piotrek, Eivind, Tobias, Haakon, Kabid, Andreas, Adrian og Ole Andreas.

Thomas Hilmen vart kåra til FK Vang sin beste spelar i kveld, Thomas som bur og trener i storbyen var stor i kveld og me håper han får tid å vera med også framover. Piotrek Waclawski fekk sølvplassen i kåringa, Piotrek er meget teknisk og skaper mange sjanser for laget med sin framdrift. 3. plassen tilfaller kaptein Kasper Kjeldsen som alltid har gode kamper for FK Vang.
Olav Almenning, Tobias Kassel og Andris Løken Helle fortjener også omtale. Olav har ein stor kamp igjen på sin bekkplass, Tobias Kassel er eit rivjern offensivt og Andris storspelar i forsvaret. 

Takk igjen til publikum, håper mange tek turen neste fredag då Vest Torpa gjester Tveit til samme tid.


       
         

 

 

 

Fotballfest FK Vang 2022

PUBLISERT 30.10.2022

Klubbhuset på Tveit Stadion laurdag 29.10.2022 Tobias Kassel, årets spelar, toppscrar og assistkonge FK Vang A-lag sesongen 2022! Slå den!

Les meir »

Nye karer i stallen

PUBLISERT 29.09.2022

Kristian Thunshelle, Gard Berge Kvien, Sebastian Kvale og Eskil Kjøs ønskes velkomne i stallen til A-laget. Alle fra Vang og alle har også gått gradene i FK Vang.

Les meir »

FK Vang - Bagn: 1-2 (1-1)

PUBLISERT 17.09.2022

Tveit stadion kunstgras, lørdag 17. september kl. 15.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: 74 stk. Bagn drog det lengste strået i dag og fikk med seg 3 poeng i ei jamn batalje på Tveit stadion. Heimelaget var svekka etter skada til Andris og forfall frå brødrene Bakkene, Kasper, Marcus samt att Piotrek måtte ut etter kun 10 minutt med ei skade i leggen. FK Vang starta bra med frisparket frå Åsmund Lindvik Råbøl som går inn via Bagn sin keeper, dette skjer etter 1. minutt. Bagn scora sine 2 mål i slutten, etter at FK Vang har nokre megasjanser. Hallgrim Rogn som ikkje har spelt aktivt på fleire år, blir dagens FK Vang mann med god margin.

Les meir »

Vest Torpa - FK Vang: 2-3 (1-2)

PUBLISERT 10.09.2022

Lundemoen grasbane lørdag 10. september kl. 13.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Ja. Publikum: 67 stk. Ole Andreas har full kontroll på telling, 5 frå Vang. Andris Løken Helle vart dessverre skadet tidlig i kampen og måtte ta turen til Gjøvik i ambulanse. Laget spilte for Andris resten av kampen og klarte fortjent 3 poeng mot en motstander som er tøffe å møte i Torpa. Andris fekk ei kneskade, men etter rapporten fra han selv fra sykehuset høres det ut som det har gått rimelig bra selv om kneet var ute av ledd. Andris fortjener virkelig bilde på nettsida etter denne kampen.

Les meir »