Andreas Hermundstad Skeie

PUBLISERT 20. juli 2021

Andreas er tilbake til moderklubben etter ein visitt hos naboen Slidre/Røn.
Mr. Skeie er 20 år i dag, grattis med dagen Andreas!
Vang er bustaden og energibransjen og el. montør er jobben.
Favorittklubben i Norge er LSK, LFC og Torres er uttabygds favoritt.
Forsvar er ønskeplassen på banen og rådet til unge spelara er å spela fotball.
Andreas er sønn av Nils Arne vår eminente teknikker frå Beito som hadde mange år i klubben.

Seriestart mot Vest Torpa

PUBLISERT 22.07.2021

Heime på Tveit stadion fredag 20 august kl. 19.30. Det blir heile 10 kamper i dobbel serie mot Vest Torpa, Etnedal 9er, Bagn, Hedalen Begnadalen og Slidre/Røn. Siste serierunde er så seint som 23.10 på Tveit stadion mot naboen Slidre/Røn. Det blir stas med seriekamper og full tribune på Tveit igjen.

Les meir »

Sondre Walter Aslaksby

PUBLISERT 20.07.2021

Sondre er 18 år og kjem frå Dahle i Øystre Slidre. Han er skolegutt men jobbar på bensinstasjon på fritida. Mr. Aslaksby har spelt for Øystre Slidre, men dei har som kjent ikkje lag i seniorklassa. Favorittlag/spelar i Norge er Bodø/Glimt og Victor Boniface. Dortmund og Haaland er favoritt utenfor Norges grenser. Sondre sitt råd til unge spelara er: Ha det gøy. Favorittplass på banen er beck eller ving. Velkommen til FK Vang, Sondre!

Les meir »

Eskil Duvrud

PUBLISERT 20.07.2021

Eskil er 18 år og kjem frå Fagernes. Han som fleire andre i klubben er elektrikerlærling og han hevdar også at han er singel. Eskil har spelt for Valdres FK og Fagernes il. Favorittlag/spelar i Norge er Strømsgodset og Andreas Nyhagen. I det store utland er det Barcelona og Messi som er øverst på blokka. Råd til unge spelara er: Stay Determined. Favorittplass på banen er indreløpar, høyre kant. Velkomen til klubben Eskil!

Les meir »

Teodor Kværna

PUBLISERT 19.07.2021

Teodor er 19 år og kjem frå Ryfoss. Han har spelt for FK Vang, Øystre Slidre og Valdres FK før, men er no attende i FK Vang. Han er skolegutt men jobber på Elkjøp på fritida. Lillestrøm og Frode Kippe er norsk favoritt og Chelsea og Mason Mount er uttabygds favoritt. Mr. Kværna sitt råd til unge spelara er å ha det gøy med ball leik og favorittplass er indreløpar. Teodor har god teknikk og stor rekkevidde, velkommen tilbake Teodor.

Les meir »