Ole Eirik Syversen13 mål i 2014
Sverre Melby10 mål i 2014
Henrik Gjestvang10 mål i 2014
Ingen mål registrert
 

Treningskamp mot Fagernes IL

PUBLISERT 1. april 2014

På Blåbærmyra i kveld kl. 20.00.

FK Vang møter Fagernes til treningskamp i kveld.

Gjestene fra Vang stiller med rimelig mange nye fjes i kveldens kamp.
Klubben har dei 2-3 siste åra vore for avhengige av spelara som er i Valdres kun på helgevisitt.
FK Vang vil denne sesongen prøve i størst mulig grad å stille med spelarane som jobbar og bur i Valdres og som bidreg med minimum ei trening i veka for klubben.

Henrik Gjestvang er ein av dei nye spelarane, han har blandt anna spelt for Sognelaget Fjøra, meir om han kjem. Ellers har klubben fått opp 4 stk 15. åringar som trenar med A-laget. Desse må ta dette som ein læresesong, men kjem heilt sikkert til å bidra i år. Spelarane er: Jørgen Eldegard, Marcus Skeie, Tobias Kværna og Aleksander Bøe, meir om desse kjem seinar. Det kan også dukke opp fleire "time will show".

Det blir spennande med kamp i kveld, det er fyrste opptreden ute i år pga mykje snø på banen i Vang (ca 50 cm. målt 31 mars). FK Vang har kun hatt treningar innendørs i Beitohallen so langt, og er garantert våryre i kveld.

Bilde av Erik Sanne som møter sin tidlegare klubb, og meldes i storform. 

Resultat etter kveldens kamp:
Fagernes IL - FK Vang: 3-1 (3-0)
Dommarar: Runar S Gullhaug og Ola Rogn Tveit
Publikum: 3 stk

Fagernes IL var best dei fyrste 45 minutta, men scora ikkje før det hadde gått 35 minutt.
Dei scora 3 mål på 8 minutt, to av dei var meir flaks enn dyktigheit, men alt i alt fortjent. Fredrik Solberg scora 2 og Marius Hilmen scora 3-0 målet.
Erik Sanne hadde eit godt skudd etter ca 20 minutt som Baja måtta ta fram gamle kunster for å hindre i nota. FK Vang var i pausa rimeleg godt fornøyde med fyrste omgangen i og med at det var premiere på grønt gras og ute i år.

I andre omgangen jamna spelet seg ut og FK Vang var fult på høgde med Fagernes, og til tider bedre enn vertane. Eit mål vart scora i denne omgangen og for eit mål. Erik Sanne får ein retur ut på ca 17 meter litt til venstre for Fagernes sitt mål, Erik får stjernetreff og ballen går med stor kraft i bue rett i motsatt kryss.
 
FK Vang har totalt 8 cornera mot Fagernes IL sine 6, sjansestatistikken vinn nok Fagernes ganske klart. 
Moro at dei yngste spelarane våre, Henning og Håvard viser seg fram med ro, innsats og kløkt. Henrik hadde også ein bra deby, og heile laget presterte veldig bra til tider.

Laget: Jarle, Håvard, Kai A Kvale, Tore, Henning, Sverre, Erik S, Henrik, Anders, Vegard K E, Erik M, Runar og to stk nye spelara opprinneleg frå Leira/Somalia med nokre minutt på slutten.

Neste trening: Inne i hallen på Beitostølen neste måndag kl. 20.30         

 

God Jul og Godt nytt År

PUBLISERT 27.12.2014

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Treningsstart i kveld

PUBLISERT 01.12.2014

FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.

Les meir »

4.divisjon menn i 2015

PUBLISERT 31.10.2014

FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.

Les meir »

Opprykk

PUBLISERT 30.10.2014

FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.

Les meir »