Ole Eirik Syversen13 mål i 2014
Sverre Melby10 mål i 2014
Henrik Gjestvang10 mål i 2014
 

Opprykk

PUBLISERT 30. oktober 2014

FK Vang har fått tilbud om å rykke opp til 4. divisjon i sesongen 2015.
Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5 divisjon og fekk difor tilbudet fyrst.
FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.
Telefon frå fotballkretsen kom måndag denne veka og svar må ansvarlig på kretskontoret ha innan i morgen fredag.
Fristen på å bestemme dette vart ideelt sett for kort, men fleirtalet av spelarane har lyst å prøve seg.
Nivået i 4. divisjon er høgt og laget må opp med grunnlaget.
Vi håper dette er eit riktig valg for klubben, anlegg og det meste rundt er i hvertfall på plass.

Trening måndag 3 november på Tveit kl. 19.30.  

God Jul og Godt nytt År

PUBLISERT 27.12.2014

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Treningsstart i kveld

PUBLISERT 01.12.2014

FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.

Les meir »

4.divisjon menn i 2015

PUBLISERT 31.10.2014

FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.

Les meir »

Årets spelar 2014

PUBLISERT 19.10.2014

Frank Skoglund vart årets spelar i FK Vang. Fortjent og moro at Frank klarte dette i år, han er ein sentral spelar i laget og har hatt ein super sesong. Frank seier han skal trappe ned etter årets sesong, men alle håper det motsatte. Som spelar har Mr. Skoglund stor rekkevidde, god teknikk og godt blikk for spelet. Han kan prestere godt i alle posisjoner på banen, men spelar mest i dei bakre rekker i FK Vang.

Les meir »