Ole Eirik Syversen13 mål i 2014
Sverre Melby10 mål i 2014
Henrik Gjestvang10 mål i 2014
 

4.divisjon menn i 2015

PUBLISERT 31. oktober 2014

FK Vang er sett i avdeling 2 for 4. divisjon 2015.

Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.

Løten, Stange og Ridabu er nye lag for FK Vang, ellers er dei andre laga kjente navn for klubben. Moro at me møter Hedemarkslaga, sjølv om reisa er lang.

Dei sterkaste laga med tanke på årets sesong bør væra: Gran med nedrykk frå 3. div., Toten nr. 3 i 4.div. og Løten nr. 2 i 4. div.
Mange såg sikkert opprykkskampen på TV 2 der Toten måtte gje tapt for nabolaget Kobu KK i haust. Kampen var meget underholdende og god og FK Vang håper det blir mange slike oppgjer til summaren.

Dei andre avdelingane i 4. div. er, avdeling 1: Brummundal 2, Follebu, Hamar il, Lillehammer FK 2, Lom, Redalen, Ringsaker/Nes, Snertingdal, Storhamar, Vest Torpa, Vinstra og Vågå.

Avdeling 3: Braskeridsfoss, Eidskog, Elverum 2, Engerdal, Fart, Galterud, Kjellmyra, Nybergsund 2, Rena, Sander, Trysil og Vang FL. 

God Jul og Godt nytt År

PUBLISERT 27.12.2014

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Treningsstart i kveld

PUBLISERT 01.12.2014

FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.

Les meir »

Opprykk

PUBLISERT 30.10.2014

FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.

Les meir »

Årets spelar 2014

PUBLISERT 19.10.2014

Frank Skoglund vart årets spelar i FK Vang. Fortjent og moro at Frank klarte dette i år, han er ein sentral spelar i laget og har hatt ein super sesong. Frank seier han skal trappe ned etter årets sesong, men alle håper det motsatte. Som spelar har Mr. Skoglund stor rekkevidde, god teknikk og godt blikk for spelet. Han kan prestere godt i alle posisjoner på banen, men spelar mest i dei bakre rekker i FK Vang.

Les meir »