Ole Eirik Syversen13 mål i 2014
Sverre Melby10 mål i 2014
Henrik Gjestvang10 mål i 2014
 

Snertingdal - FK Vang: 0-0

PUBLISERT 21. september 2014

Skogheim stadion, øvre Snertingdal laurdag 20 september kl. 15.00
Dommar: Nils Arne Solberg
Publikum: ca. 40 stk.

Snertingdal sleit den fyrste halvtimen mot eit meget godt FK Vang. Kampen om seriegull i 5. divisjon 2014 kunne fort ha bikka gjestenes veg med litt tur på tre gedigne sjanser som FK Vang hadde i starten.
Utover i kampen hadde ikkje Valdrisane nok futt, og vertene kunne tryyge inn til uavgjort og seriegull.
Me ynskjer Snertingdal tillykke med opprykk til 4. divisjon, og takker for god motstand i 2014.

FK Vang var kun 13 stk til dagens kamp, sjukdom og nokre andre grunnar førte til at sentrale spelarar i klubben mangla. Troppen er heldigvis rimeleg stor og jamn så laget bar ikkje større preg av dette før enn kreftene ebba litt ut.
Sverre Melby fekk ei skikkeleg lårhøne kun 2 minutt ut i kampen, og prøvde lenge men måtte ut etter ca halvtimen.
Som beskrevet hadde FK Vang fleire store sjanser i starten av kampen, størst er vel sjansa då Snertingdal sin keeper ikkje klarer å halde eit overlegg og slepper ballen ned bak seg rett i føttene på ein FK Vang spelar som ikkje råkar ballen ca halvmeteren frå målstreken.
Henrik Gjestvang har også eit skudd frå ca 16 meter som går i stoplen og trillar etter målstreken og dessverre ut.
Statistikken frå dei fyrste 45 minutta syner: 6-3 i målsjanser og 4-2 i cornerar til FK Vang, andre omgangen blir jamn og kampen ebbar ut med poengdeling.
FK Vang sine spelarar syntes det var godt å spela ein skikkeleg kamp att, nivåforskjellen i 5. divisjon er meget stor og det er vel kun Snertingdalkampane som har vore kampar i år.

FK Vang scora 64 mål på 12 kampar og hadde berre 10 stk. baklengs. 10 seierar 1 uavgjort og eit tap er fasitten etter sesongen 2014.

Indre østland fotballkrets burde sette opp 6 divisjoner att, dette hadde ført til fleire jamne kampar. Steget mellom 4 og 5 divisjon er stort etter att 3 divisjon vart halvert for nokre år tilbake. Laga som ligg i dette sjiktet vil kansje ikkje bruke så mykje tid på fotballen som 4. divisjon krev, men bruker meir tid enn laga som berre er med for moroskuld. For å halde oppe breidda i seniorfotballen bør kretsen absolutt vurdere dette.

Laget: Jarle, Kasper, Anders, Frank, Tore, Sverre, Henrik, Erik S, Vegard K E, Kim K, Erik M D, Eirik P og Vegard Eltun. 
  
Dagens FK Vang spelar vart Henrik Gjestvang, Henrik er ein stor tilvekst i klubben og har prestert på høgt nivå i alle kampane i år. Henrik var poenget framfør Anders Skrebergene, Jarle Haugrud og Frank Skoglund som alle delte sølvplassen. Kasper Kjeldsen fekk tredjeplassen.
Heile laget presterte bra i dag og fortjener ros.

FK Vang tek no treningspause, men skal ha spelarmøte måndag 29 september kl. 19.30 på Tveit.
Tema der vil bli fotballfest og neste sesong.

 

God Jul og Godt nytt År

PUBLISERT 27.12.2014

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Treningsstart i kveld

PUBLISERT 01.12.2014

FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.

Les meir »

4.divisjon menn i 2015

PUBLISERT 31.10.2014

FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.

Les meir »

Opprykk

PUBLISERT 30.10.2014

FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.

Les meir »