Ole Eirik Syversen13 mål i 2014
Sverre Melby10 mål i 2014
Henrik Gjestvang10 mål i 2014
Ingen mål registrert
 

Ringelia - FK Vang: 0-3(0-1)

PUBLISERT 6. juni 2014

Ringelia stadion torsdag 5 juni kl. 20.00
Dommar: Svein Erik Slåttsveen
Publikum: 5 stk.

Sjansesløseri beskriver vel kampen for vår del. Att det kun sto 0-3 ved full tid kan vel kalles eit lite under. Kampens store spelar var også Ringelias gode keeper.

FK Vang hadde 22 målsjanser og Ringelia 1. 
Cornerstatistikk 10-0 i FK Vang sin favør.
Fyrste scoringa kom etter 32 minutt, Henrik Gjestvang er frampå og deler med dette målet toppscorartittelen så langt med Erik Martinsen. Sverre Melby er notert med assisten. Meir mål vart det ikkje i denne omgangen, sjølv om sjansene var mange og store.

Andre omgangen fortset med same overkjøringa, Ringelia var nesten ikkje over på vår halvdel.
Ballen vart trilla og bevegelsen i laget var bra, men mange av avsluttningane går høgt over Ringelia sitt mål.
Tretten minutt ut i omgangen er det corner frå vår høgreside, Erik Sanne sler ein perfekt corner som Vegard Eltun får på pannebrasken og scorar sitt fyrste mål for A-laget i FK Vang, stor hending og bra utført Vegard far din bør væra stolt.
Gjestene har etter dette mange meget store sjanser, men stolpen og keeperen eller skudd høgt over reddar Ringelia i denne perioda.
FK Vang har ein ball inne i det 80. minutt, som er halvmeteren over streken, men dommaren er litt utanfor 16 meteren og har sikkert vanskelig for å sjå dette godt og dømmer ikkje mål på situasjonen.
Fem minutt før slutt kjem kveldens finaste mål og det står Sverre Melby for, han blir spelt fram av Erik Sanne, Sverre gjer ein liten kjipp på ballen og Ringelias keeper er utspelt. Enkelt og meget fint mål som fleire bør lære av.

Stor dag for Øystregjengen i dag:
Dagens mann i FK Vang vart kapteinen Anders Skrebergene, han styrer skuta godt og står på i 90 minutt. Henrik Gjestvang er ein god nummer to i kåringa og Sverre Melby og Frank Skoglund deler tredjeplassen.     

Laget: Jarle, Håvard, Kai Arne S, Frank, Tore, Sverre, Anders, Henrik, Erik S, Henning, Erik M, Vegard K E, Vegard E og Ole Eirik.

Trening i veka som kjem: Måndag 2 pinsedag kl. 19.00 og fredag 13 juni kl. 19.30.
 

God Jul og Godt nytt År

PUBLISERT 27.12.2014

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Treningsstart i kveld

PUBLISERT 01.12.2014

FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.

Les meir »

4.divisjon menn i 2015

PUBLISERT 31.10.2014

FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.

Les meir »

Opprykk

PUBLISERT 30.10.2014

FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.

Les meir »