Ole Eirik Syversen13 mål i 2014
Sverre Melby10 mål i 2014
Henrik Gjestvang10 mål i 2014
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Ringelia:6-0(2-0)

PUBLISERT 29. august 2014

Tveit stadion kunstgras fredag 29 august kl. 19.30
Dommar: Tom-Erik Brenden Våtsveen
Speaker: Vidar Eltun
Publikum: Ca. 30 stk.

FK Vang hadde sjanse etter sjanse i kveldens flomlyskamp, men lykkast å score kun 6 mål på dei over 30 målsjansene laget hadde.
Ringelia låg i forsvar med store deler av laget, og om ikkje keeperen redda avsluttningane, så sto stengene i vegen. 

Heimelaget starta kampen bra og Sverre Melby scora etter kun 50 sekund, Erik Sanne hadde framspelet. 2-0, 7 minutt og corner frå vår høgreside, Kim Kveno sler corneren som Kasper Kjeldsen banker i mål.
Fleire mål blir det utruleg nok ikkje denne omgangen, sjølv om sjansene er mange og store.
FK Vang er ikkje særleg fornøyd med uttelling i pausa men spelet har vore rimeleg bra i 1. omgangen.
Andre omgangen startar nesten like bra som den fyrste, 2 minutt ut i omgangen blir Henrik Gjestvang toppscorar for FK Vang då han sett sitt 10. mål for sesongen. Vegard Kjøs Egge har assisten på denne scoringa.
Halvtimen er gått når Ole Eirik Syversen utliknar i kampen om toppscorartittelen, Sverre Melby har framspelet.
Ringelia sin keeper reddar også ei straffe frå vertane i det 76. minutt.
 
Erik Martinsen Dalåker scorar to mål i sluttminutta som kan vise seg å bli meget viktige i kampen om seriegullet. Ole Eirik Syversen har assisten på den eine. Scoringane er på Erik Martinsen vis, full fart framover og bang i nettet.

Henrik Gjestvang vart kåra til FK Vang sin beste i kveld, Anders Skrebergene, Ole Eirik Syversen og Frank Skoglund delte sølvplassen og Kim Kveno og Kasper Kjeldsen tok tredje plasen i kåringa.

Laget: Jarle, Erik M D, Frank, Kasper, Vegard E, Kim K, Anders, Erik S, Henrik, Sverre, Ole Eirik, Bjørn Tore, Kai Arne S, Bjørnar og Vegard K E.  

Trening i vekene som kjem: Måndagar kl. 19.30. 

God Jul og Godt nytt År

PUBLISERT 27.12.2014

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Treningsstart i kveld

PUBLISERT 01.12.2014

FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.

Les meir »

4.divisjon menn i 2015

PUBLISERT 31.10.2014

FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.

Les meir »

Opprykk

PUBLISERT 30.10.2014

FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.

Les meir »