Ole Eirik Syversen13 mål i 2014
Sverre Melby10 mål i 2014
Henrik Gjestvang10 mål i 2014
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Dokka SK 2: 5-0(2-0)

PUBLISERT 29. mai 2014

Tveit stadion kunstgras 29 mai kl. 14.00.
Dommar: Svenn Olav Fossholt.
Speaker: Kjell Magne Kvale.
Publikum: ca. 75 stk.

FK Vang var best i det meste og vann meget fortjent dagens oppgjer mot Dokka 2, ein varm maidag på Tveit stadion.
Det var gledeleg med så mange publikum, dei fekk rimeleg bra valuta i og med at det vart mange mål og at det også var gratis inngang.

FK Vang starta kampen litt så som så, men hadde to store sjanser ved Erik Martinsen ei av dei i stolpen.
Det gjekk nesten halvtimen før fyrste målet kom, Tore G Haugen spelar fram Vegard Kjøs Egge som forserar og kjem rundt på venstresida og smeller ballen inn utagbart for Dokka sin keeper, bra prestasjon.
Ca. fem minutt før pause kjem samme Vegard rundt på vår venstreside igjen, han får til eit bra lågt innlegg, og der er Sverre Melby og han scorar sikkert.
FK Vang er gode i siste del av omgangen og Dokka skaper vel kun ei halvsjanse i løpet av omgangen.

I pausa er heimelaget enige om å kjøre på som me avsutta dei fyrste 45 minutta. Dette lykkast rimeleg bra, sjølv om det går halve omgangen før scoringane kjem også denne omgangen.
Ole Erik Syversen er komen inn og han pressar ein Dokkaspelar slik at han set ballen i eige mål på ei klarering, Ole Eirik får assisten på denne.
Duoen Kim Kveno og Ole Eirik Syversen har spelt mykje sammen i aldersbestemte klasser, dette viser dei fram når det er gått 35 minutt av omgangen. Kim Kveno kjem seg rundt og ned til linja, han legg ein presis passning til Syversen som scorar sikkert. 
5-0 målet er det Kasper Kjeldsen som står for, han plukkar opp ein retur frå Dokka sitt forsvar og plasserar ballen fint til høgre for keeper, kampuret syner 85 minutt.

Frank Skoglund bli kåra til dagens FK Vang spelar med god margin, Frank og Kai Arne Sandhaugo har vore eit suverent midtstopparpar så langt denne sesongen. Mr. Skoglund har vore nære tittelen fleire kampar no, så dette var virkeleg fortjent.
Den alltid gode Anders Skrebergene blir kåra til FK Vang sin nest beste, og venstrevingen Vegard Kjøs Egge kom på ein god tredjeplass i kåringa.

Heile laget presterar atter ein bra kamp, me hadde 17 spelara i troppen i dag og alle fekk speletid.

Laget: Jarle, Henning, Kai Arne S, Frank, Tore, Sverre, Erik S, Anders, Henrik, Vegard K, Erik M, Kim K, Kim B, Ole Eirik, Håvard, Vegard E og Kasper.

Me har også bestemt at det blir maks 16 spelara i troppen til burtekampar, ein av desse er på fyrstkomande torsdag burte mot Ringelia. Treninga på måndagen kl. 19.30 blir viktig for troppen som reiser nedover. 
    

 

God Jul og Godt nytt År

PUBLISERT 27.12.2014

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Treningsstart i kveld

PUBLISERT 01.12.2014

FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.

Les meir »

4.divisjon menn i 2015

PUBLISERT 31.10.2014

FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.

Les meir »

Opprykk

PUBLISERT 30.10.2014

FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.

Les meir »