Ole Eirik Syversen13 mål i 2014
Sverre Melby10 mål i 2014
Henrik Gjestvang10 mål i 2014
Ingen mål registrert
 

Beitostølen cup 2014

PUBLISERT 21. januar 2014

FK Vang stiller med to lag i årets Beitostølen Cup.
Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, menmange dame og herrelag stiller opp.

FK Vang 1 kom heilt til kvartfinala, men måtte i denne gje tapt for Torpa Toppfotball.
FK Vang vart dermed det Valdres laget som kom lengst i årets cup, det hadde ikkje eg trudd på førhånd 
FK Vang hadde dessverre ein litt svekka tropp i sluttspelet, tre av dei som var med fredag fekk skader og kunne ikkje væra med i dag. To andre kunne heller ikkje i dag, men heldigvis fekk me med Runar S Gullhaug og Anders Skrebergene.
Drammen FK 2 fekk bank i 16 delsfinala, det kunne sjå ut som dei ville tidleg heim for det var dårleg futt i dei.

FK Vang 1: Kjell Magne Kvale, Kai Arne Kvale, Kristoffer Kvale, Erik Sanne, Erik Martinsen,
Robert Christensen, Vegard Eltun, Øyvind Kjøs Egge og Henning Grythe.

FK Vang 1 møtte desse laga:
Valdres FK JR 1 - FK Vang 1: 2-2, Erik Martinsen og Robert Christensen
FK Vang 1 - Etnedal FK: 5-2, Erik Martinsen 4 mål og Henning Grythe
Fåberg Fotball 3 - FK Vang 1: 4-1, Øyvind Kjøs Egge

FK Vang 1 vart nr 3 i gruppa si med 4 poeng og 8-8 i målscore, og kan gå vidare som beste eller nest beste treer lag i turneringa.
Laget spelte bra og var uheldige som ikkje vant kampen mot Valdres FK JR 1, med seier der ville laget garantert vore klare for sluttspel.
Heile laget presterte bra, men unguten Henning Grythe må nemnast, han scora mål og hadde fleire målgjevande passningar. Erik Martinsen med 5 scoringa av FK Vang 1 sine 8 mål samt evigunge Kjell Magne Kvale som rydda godt i FK Vang sitt bur.
Laget får svaret i morgen kveld, om dei er i sluttspel på sundagen. 
Beste treerlaga møtes kl 11.30 på sundagen i så fall.

FK Vang 1 i sluttspelet: Runar S Gullhaug, Anders Skrebergene, Kristoffer Kvale, Erik Sanne, Erik Martinsen, Øyvind Kjøs Egge og Henning Grythe.

Drammen FK 2 - FK Vang 1: 3-6, Henning 3, Anders, Erik M og Øyvind 
Torpa Toppfotball - FK Vang 1: 5-1, Erik M

FK Vang 2: Jarle Hauegrud, Frank Skoglund, Kai Arne Sandhaugo, Tore G Haugen, Kim Kveno, Sverre Melby, Vegard Kjøs Egge Håvard Rogn Tveit og Olav Ulven.

FK Vang 2 møtte desse laga:
Fagernes IL 1 - FK Vang 2: 4-2, Kai Arne Sandhaugo, Kim Kveno 
FK Vang 2 - Ø.Sldre/Rogne JR: 5-0, Vegard Kjøs Egge 2, Sverre Melby, Kai Arne Sandhaugo og Frank Skoglund 
FK Vang 2 - Valdres FK JR 2: 0-6  

FK Vang 2 vart også nr. 3 i pulja si, men med 3 poeng og 7-10 i målscore. Det vart litt for mange mål bakover som var heilt unødvendige. FK Vang 2 er nok mest sansynleg ute av turneringa, men om laget går vidare møter dei i så fall FK Vang 1 på sundagen.

Bra att ungutane viser seg fram i turneringa, 16 åringen Henning scorar totalt 4 mål og klarar seg veldig godt.
15 åringen Håvard syner også gode takter, dette lovar godt for våre lokale talent.

Trening i hallen i morgen kveld kl. 20.30
Møt Opp!    

 

God Jul og Godt nytt År

PUBLISERT 27.12.2014

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Treningsstart i kveld

PUBLISERT 01.12.2014

FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.

Les meir »

4.divisjon menn i 2015

PUBLISERT 31.10.2014

FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.

Les meir »

Opprykk

PUBLISERT 30.10.2014

FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.

Les meir »