Kai Arne Kvale12 mål i 2013
Sverre Melby11 mål i 2013
Ole Eirik Syversen5 mål i 2013
Ingen mål registrert
 

Treningskamp mot Fagernes

PUBLISERT 8. mars 2013

FK Vang hadde årets første opptreden på 11er bane i kveld.
Gjestene hadde ein heller dårleg fyrste omgang, men var mykje bedre dei siste 45 minutta.

FK Vang hadde berre 10 spelara, men fekk låne ein 14 åring med navn Andreas Nyhagen.
Den unge karen imponerte stort og scora eit flott mål frå ca 20 meter.
For dei som hugsar tilbake på 1980 talet hadde Aston Villa eit spisspar som scora i bøtter og spann. Ein av dei var stor og den andre var noko mindre, den store la til rette for den mindre som putta måla jamt og trutt. (Peter Withe og Gary Shaw) Thomas og Andreas var til tider på høgde med dei to i kveldens kamp og sto for mykje av FK Vang si offansive kraft. Fagernes vant kampen 7-2 etter 4-0 før pause og 3-2 etter. Fredrik Paulsrud scora FK Vang sitt andre mål. FK Vang er godt fornøyde med prestasjonen dei siste 45 minutta med tanke på alle spelarane som mangla i troppen i kveld.
Andreas Nyhagen er eit navn som garantert vil bli å sjå i fotballspaltene framover, me ynskjer ungguten lykke til, og takkar for god innsats i kveld.

Laget: Jarle H, Tord, Frank, Tore, Emil, Fredrik, Tor Andre, Sverre, Anders, Thomas og Andreas

Fagernes er invitert til Tveit stadion for ny treningskamp før seriestart når vår bane blir klar.

Trening framover: Tysdagar og fredagar kl. 19.00  

   

Beitostølen cup 2014

PUBLISERT 17.01.2014

FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!

Les meir »

God Jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 27.12.2013

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Erik Sanne med i støtteapparatet

PUBLISERT 08.12.2013

Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.

Les meir »

Årets spelar 2013

PUBLISERT 20.10.2013

Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.

Les meir »