Beitostølen cup 2014

PUBLISERT 17. januar 2014
FK Vang stiller med to lag i årets Beitostølen Cup.
Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før,
menmange dame og herrelag stiller opp.
FK Vang 1 kom heilt til kvartfinala, men måtte i denne gje tapt for
Torpa Toppfotball.
FK Vang vart dermed det Valdres laget som kom lengst i årets
cup, det hadde ikkje eg trudd på førhånd
FK Vang hadde dessverre ein litt svekka tropp i sluttspelet, tre av
dei som var med fredag fekk skader og kunne ikkje væra med i
dag. To andre kunne heller ikkje i dag, men heldigvis fekk me
med Runar S Gullhaug og Anders Skrebergene.
Drammen FK 2 fekk bank i 16 delsfinala, det kunne sjå ut som dei
ville tidleg heim for det var dårleg futt i dei.
FK Vang 1: Kjell Magne Kvale, Kai Arne Kvale, Kristoffer Kvale,
Erik Sanne, Erik Martinsen,
Robert Christensen, Vegard Eltun, Øyvind Kjøs Egge og Henning
Grythe.
FK Vang 1 møtte desse laga:
Valdres FK JR 1 - FK Vang 1: 2-2, Erik Martinsen
og Robert Christensen
FK Vang 1 - Etnedal FK: 5-2, Erik Martinsen 4 mål
og Henning Grythe
Fåberg Fotball 3 - FK Vang 1: 4-1, Øyvind Kjøs
Egge
FK Vang 1 vart nr 3 i gruppa si med 4 poeng og 8-8 i målscore,
og kan gå vidare som beste eller nest beste treer lag i
turneringa.
Laget spelte bra og var uheldige som ikkje vant kampen mot Valdres
FK JR 1, med seier der ville laget garantert vore klare for
sluttspel.
Heile laget presterte bra, men unguten Henning Grythe
må nemnast, han scora mål og hadde fleire målgjevande
passningar. Erik Martinsen med 5 scoringa av FK Vang 1 sine 8
mål samt evigunge Kjell Magne Kvale som rydda godt i FK Vang
sitt bur.
Laget får svaret i morgen kveld, om dei er i sluttspel på
sundagen.
Beste treerlaga møtes kl 11.30 på sundagen i så fall.
FK Vang 1 i sluttspelet: Runar S Gullhaug, Anders Skrebergene,
Kristoffer Kvale, Erik Sanne, Erik Martinsen, Øyvind Kjøs Egge og
Henning Grythe.
Drammen FK 2 - FK Vang 1: 3-6, Henning 3, Anders,
Erik M og Øyvind
Torpa Toppfotball - FK Vang 1: 5-1, Erik M
FK Vang 2: Jarle Hauegrud, Frank Skoglund, Kai Arne Sandhaugo, Tore
G Haugen, Kim Kveno, Sverre Melby, Vegard Kjøs Egge Håvard
Rogn Tveit og Olav Ulven.
FK Vang 2 møtte desse laga:
Fagernes IL 1 - FK Vang 2: 4-2, Kai Arne
Sandhaugo, Kim Kveno
FK Vang 2 - Ø.Sldre/Rogne JR: 5-0, Vegard Kjøs
Egge 2, Sverre Melby, Kai Arne Sandhaugo og Frank
Skoglund
FK Vang 2 - Valdres FK JR 2: 0-6
FK Vang 2 vart også nr. 3 i pulja si, men med 3 poeng og 7-10 i
målscore. Det vart litt for mange mål bakover som var heilt
unødvendige. FK Vang 2 er nok mest sansynleg ute av
turneringa, men om laget går vidare møter dei i så fall
FK Vang 1 på sundagen.
Bra att ungutane viser seg fram i turneringa, 16 åringen
Henning scorar totalt 4 mål og klarar seg veldig godt.
15 åringen Håvard syner også gode takter, dette lovar godt for
våre lokale talent.
Trening i hallen i morgen kveld kl. 20.30
Møt Opp!
God Jul og Godt Nytt År
PUBLISERT 27.12.2013
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir
Erik Sanne med i støtteapparatet
PUBLISERT 08.12.2013
Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.
Årets spelar 2013
PUBLISERT 20.10.2013
Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.
Fotballfest
PUBLISERT 13.10.2013
Beitostølen laurdag 19 oktober. Det er fleire av spelarane som tek langhelg på/i fjellbyen, og ryktene fortel at det er plass til mange fleire. Årets fotballfesthøvding Runar Sivesind Gullhaug har laga eit bra opplegg. Fotballkampar på storskjerm på laurdagen går over til festmåltid og premieutdeling i kveldinga.