Årets spelar 2013

PUBLISERT 20. oktober 2013
Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang.
Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne
kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie.
Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt
fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein
særs viktig spelar for klubben.
Vegard Kjøs Egge kom på sølvplassen og Anders Skrebergene fekk
bronse i denne kåringa, me gratulerer alle med god
innsats.
Toppscorar vart Kai Arne Kvale, med 1 mål meir enn
Sverre Melby. Kai Arne er grosist på denne prisen, i skrivande
stund har eg ikkje tal på det men kan med sikkerheit seia det
er mange. Det er meget godt å ha Mr Kvale tilbake i
stallen, etter ei lita pause frå fotballen.
Assistkonge vart hjelpetrenar Tor Andre Rakstad, og dette med god
margin. Det er meget viktig for laget å ha gode offansive
midtbanefolk, Tor Andre er ein av dei, det kan nevnast at han også
har skrudd 2 cornera rett i mål i år.
Oppmøteprisen gjekk endeleg til Kristoffer Kvale, han har vore
meget nær å vinne denne i fleire år og i år var det hans tur
med god margin. Kristoffer, og kun han har vore med på alle
kampane i år og han har også hatt flest
treningar.
Ny pris av året var Fair Play prisen til ein av våre
mest trufaste slitarar. Kai Arne Sandhaugo har vore
kaptein på årets lag og laget har prestert å ikkje
få bokført eit einaste kort i sesongen 2013, slå
den!
Kai Arne Sandhaugo kom til FK Vang tidleg på 2000 talet
og har ikkje fått gule eller raude kort i løpet av denne
tida. Kaptein Sandhaugo får ein meget fortjent Fair Play
pris, laget og klubben gratulerer
så mykje.
Årets mål FK Vang 2013:
Nr 1. Kai Arne Kvale, 7-1 målet mot Vest Torpa 2 på Tveit.
Nr 2. Bjørnar Hermundstad, 0-2 målet mot Vest Torpa 2 på
Lundemoen.
Nr 3. Ole Eirik Syversen, 6-0 målet mot Ringelia på Tveit.
Takk til Runar Sivesind Gullhaug som ordna fotballfesten
2013, du fortjener også ein premie Runar. Hederlig omtale blir
premien til deg i år, og kansje har me meir bilder på lur.
Spelarmøte og treningsstart for sesongen 2014 blir i starten på desember.
Beitostølen cup 2014
PUBLISERT 17.01.2014
FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!
God Jul og Godt Nytt År
PUBLISERT 27.12.2013
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir
Erik Sanne med i støtteapparatet
PUBLISERT 08.12.2013
Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.
Fotballfest
PUBLISERT 13.10.2013
Beitostølen laurdag 19 oktober. Det er fleire av spelarane som tek langhelg på/i fjellbyen, og ryktene fortel at det er plass til mange fleire. Årets fotballfesthøvding Runar Sivesind Gullhaug har laga eit bra opplegg. Fotballkampar på storskjerm på laurdagen går over til festmåltid og premieutdeling i kveldinga.