Kai Arne Kvale12 mål i 2013
Sverre Melby11 mål i 2013
Ole Eirik Syversen5 mål i 2013
Ingen mål registrert
 

Snertingdal - FK Vang: 3-2 (2-0)

PUBLISERT 8. mai 2013

Snertingdal ipk 8 mai kl. 19.15
Dommer: Geir Erling Heien, Raufoss

Det vart ein fartsfylt kamp i Snertingdal, der heimelaget berga tre poeng. Gjestene hadde 5 avsluttningar i stolpane og eit brent straffespark, så minst eit av poenga burde absolutt ha vorte med til Vang etter kveldens kamp.

Kveldens meget gode dommer blåste igang kampen 15 minutt over kl.19.00, etter eit ønske frå FK Vang. Tre av våre spelara var på tur til kamp frå Oslo, dei sto og stampa i kø som seg hør og bør i og med langhelga mange nyttar seg av no. Spelarane rakk med utsettinga akkurat andre omgangen, og var i stor grad med og snudde kampbildet denne omgangen.

Snertingdal var det beste laget dei fyrste 45 minutta og leia fortjent til pause. Dei scora sitt fyrste 7 minutt ut i omgangen etter eit langskudd som gjekk i tverrliggaren og ut i feltet der ein Snertingdøl nikka ballen over vår keeper og i nota. FK Vang var tafatte det fyrste kvarteret, men vakna meir og meir utover i omgangen og resten av kampen. Sverre Melby vart spelt igjennom etter 36 minutt, han vart felt og dommaren dømte korrekt straffe til gjestene, straffa vart desverre sett over målet.
Tre minutt før pause klarte Snertingdal å få lobba inn sitt mål nr to og stillinga var 2-0 til pause.
(Oslogutane) Vegard K E, Kasper og Kim B entra banen og bidrog veldig med offensiv kraft i laget. Vegard Kjøs Egge var i det umulige hjørne og var nesten eit angrep åleine, men mål fekk ikkje gjestene før kun 13 minutt sto att til full tid.
Reduseringa kom direkte i frå corner, Tor Andre Rakstad skrur ballen rett i mål på ein meget god corner. Minuttet etter er det Tor Andre som spelar Vegard Kjøs Egge fri på vår venstre side, Vegard fossar fram og set avsluttninga i lengste hjørne, 2-2 og FK Vang er på høgget.
Snertingdal får så si fyrste sjanse denne omgangen og klarer dessverre for oss å putte sitt tredje mål.
FK Vang presser på tida som er att, men klarer ikkje å få ballen inn i Snertingdal sitt mål fleire gonger. Tælen som FK Vang syner i andre omgang er meget bra og lover bra for fortsettelsen.
Vegard Kjøs Egge vart kåra til FK Vang sin beste spelar med Anders og Tor Andre på plassane bak.

Laget: Jarle H, Kristoffer, Frank, Bjørnar, Tore, Fredrik, Anders, Tor Andre, Vegard Eltun, Kim K, Sverre, Petter, Kasper, Kim B og Vegard K E. 

Trening neste veke: Tysdag kl. 19.30 
  
      

 

Beitostølen cup 2014

PUBLISERT 17.01.2014

FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!

Les meir »

God Jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 27.12.2013

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Erik Sanne med i støtteapparatet

PUBLISERT 08.12.2013

Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.

Les meir »

Årets spelar 2013

PUBLISERT 20.10.2013

Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.

Les meir »