Ringelia - FK Vang: 0-4 (0-2)

PUBLISERT 14. september 2013
Ringelia stadion laurdag 14 september 2013.
Dommar: Egil Stensrud, Lillehammer.
Publikum: ca 10 stk.
FK Vang hadde berre 11 tilgjengelige til dagens kamp, men fekk to
mål kvar omgang og vant meget fortjent.
Gjestene scora på ca 1/3 del av sjansene sine og Ringelia hadde
vel kun 1 sjanse i løpet av kampen.
Vi håper det går bra med Ringeliaspelaren som var uheldig og
muligens fekk håndleddet ut av stilling eller brudd i underarmen då
han gjekk i bakken på eit uheldigt vis, helsing frå Vang med god
bedring.
Kampen i dag var ikkje spesielt sjåverdig, det var lågt tempo og
mange feil frå begge lag.
Halve fyrste omgangen var passert då Kasper Kjeldsen scorar
på eit godt skudd, han får passningen frå Eirik Presthegge. Fem
minutt før omgangen er over scorar Kai Arne Kvale sitt 6 mål for
året på ei fin hedding, passningen er det Tor Andre
Rakstad som står for.
Pause og lovnad frå spelarane til FK Vang om bedre andre
halvdel av kampen, utan at dette vart særleg innfridd.
Omgangen er mållaus før 10 minutt gjennstår, men då er Eirik
Presthegge frampå med ei nydeleg hedding. Kasper Kjeldsen har
passningen. Kasper er nå på høgget, kun 2 minutt seinar har han
passningen til FK Vang sitt mål nr. 4., toppscorar Sverre
Melby scorer sikkert forbi ein utspelt Ringeliakeeper.
Kim Bøland blir kåra til FK Vang sin klart beste spelar i
dag. Kasper Kjeldsen med 1 mål og to målgivande kjem på sølvplass
og Eirik Presthegge inntek pallen med tredjeplassen i
kåringa.
Laget: Jarle, Kristoffer Kvale, Tore, Kasper, Vegard E,
Eirik, Kim B, Tor Andre, Sverre, Vegard K. E., Kai Arne
K.
No gjennstår det kun ein kamp av årets sesong, Vest Torpa 2 kjem
på besøk til Tveit neste fredag kl. 19.30.
Trening i veka som kjem blir på tysdag kl. 19.30.
Beitostølen cup 2014
PUBLISERT 17.01.2014
FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!
God Jul og Godt Nytt År
PUBLISERT 27.12.2013
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir
Erik Sanne med i støtteapparatet
PUBLISERT 08.12.2013
Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.
Årets spelar 2013
PUBLISERT 20.10.2013
Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.