FK Vang - Dokka SK: 0-2 (0-1)

PUBLISERT 7. september 2013
Tveit stadion kunstgras laurdag 7 september kl. 15.00
Dommar: John Sigurd Holtesmo, Faaberg fotball
Speaker: Vidar Eltun.
Publikum: ca. 40 stk
FK Vang gratulerer Dokka med seriegull, og ynskjer dei lykke til i
4. divisjon 2014.
Poenga burde FK Vang fått med seg i dagens kamp, men dengang
ei.
Sjansestatistikken enda 8-5 i FK Vang sin favør og
cornerstatistikken enda 13-5 i samme lag sin favør. Stengene
redda Dokka to gonger i andre omgangen, men ballen ville ikkje inn
i mål for vertane.
Det var lenge stillingskrig dei fyrste 45 minutta og begge lag
skapte ikkje mykja framfør mål. Det vart notert 2 sjanser til begge
lag, og Dokka SK klarer å score på ei av sine to sjanser,
etter ein corner. Ein Dokaspelar får stå umarkert i feltet og banke
inn leinga då det står 35 minutt på kampuret. Dårleg markering frå
FK Vang og då blir me straffa hardt og brutalt.
Dokka har også ein meget god spelar i nr. 8, han får vinne for
mange andreballar i fyrste omgangen og styre for mykje av
midtbanen. Denne spelaren bør kanskje prøve seg i høgare
divisjoner, han vil ganske sikkert også bli god der.
FK Vang var i pausa fast bestemt på at Dokka ikkje skulle få
smelle med champiskorken etter kampen, og hadde ein god andreomgang
sjølv om laget tapte også den med 0-1.
Dokka sin gode kaptein starter andre omgangen på best muleg vis då
han kun etter 2 minutt gjer ein god soloprestasjon og
forserar gjennom vårt forsvar og scorar frå meget skrå
vinkel. Verst tenkelige start for våre menn og sikkert ein knall
følelse for Dokka.
FK Vang er det klart beste laget i andre omgangen, men klarer
ikkje å omseta sjansene i mål sjølv om mange av dei er
meget store. Ni cornera og fleire frispark i farlege
posisjonar blir alle redda av gode forsvarsprestasjonar eller
dei omtala stengene eller rett og slett slurva bort frå oss.
Det er surt å ikkje få uttelling, men slik har det vore for FK Vang
i enkelte kampar i år.
Poenga me så ufortjent missa i vårsesongen vart
avgjerande i sluttspurten av årets sesong.
Kim Bøland vart kåra til FK Vang sin beste spelar, tett fulgt av
Bjørnar Hermundstad. Dei to med navn Erik i vårt lag,
Sanne og Martinsen endte på delt tredjeplass i
kåringa.
Laget:
Jarle H, Kristoffer Kvale, Bjørnar, Kasper, Erik M, Kim B,
Sverre, Erik S, Tor Andre, Vegard K E, Kai Arne K, Kim K,
Øyvind, Eirik, Vegard E og Stein Ivar.
Trening neste veke: Torsdag kl. 19.30
Beitostølen cup 2014
PUBLISERT 17.01.2014
FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!
God Jul og Godt Nytt År
PUBLISERT 27.12.2013
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir
Erik Sanne med i støtteapparatet
PUBLISERT 08.12.2013
Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.
Årets spelar 2013
PUBLISERT 20.10.2013
Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.