FK Vang 1 til kvartfinale
PUBLISERT 6. mars 2013
FK Vang 1 kom til kvartfinala i årets Beitostølen Cup.
Kolbu KK vart slått 3-1 i 16 dels finala, Totenlaget hadde
lada godt opp laurdagskvelden og måtte sjå seg utslått av eit
delvis hanglande FK Vang.
Målscorara var Kai Arne Kvale 2 og Fredrik Paulsrud.
Vegard braut 30 km i NM laurdag for å bli med FK Vang i dag. Godt
at Vegard vart med, då ein av våre ikkje dukka opp.
Valdres FK JR 1 var motstandar i kvartfinala, juniorane var gode
utover i kampen og vannt fortjent til slutt.
Valdres FK JR 1 har til tider så store primadonnanykker at
det går utover laget, men dette var lagt vekk i kampen mot oss og
det var bra for dei.
FK Vang spelte jamnt med dei lenge, over halve kampen var det
0-0 og rimeleg underholdande men det rakna litt på slutten for
tungpusta Vangs spelara.
FK Vang er godt nøygde med helga med tanke på treningstimar i
forhold til mange av motstandarane våre.
Vegard Kjøs Egge får bilde på nettsia etter prioriteringa av
fotball med FK Vang i dag og det nydelege nedtaket og nesten
fulltreff mot Valdres buret i sluttminutta.
Treningar framover blir fredagar kl. 20.15 i B.S.cup
hallen.
Beitostølen cup 2014
PUBLISERT 17.01.2014
FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!
God Jul og Godt Nytt År
PUBLISERT 27.12.2013
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir
Erik Sanne med i støtteapparatet
PUBLISERT 08.12.2013
Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.
Årets spelar 2013
PUBLISERT 20.10.2013
Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.