Vegard Kjøs Egge8 mål i 2018
Eivind Bakkene6 mål i 2018
Åsmund Bakkene5 mål i 2018
Ingen mål registrert
 

Vest Torpa - FK Vang: 6-1 (2-0)

PUBLISERT 10. august 2018

Lundemoen stadion fredag 10 august kl. 19.00
Dommar: Jan Erik Haugom
Publikum: 30 stk under tak.

FK Vang stilte opp med mange nye til kveldens kamp mot eit heiltent Vest Torpa.
Gjestene sto med lua i hånda dei fyrste 45 minutta og lå under med 2 til pause. Vest Torpa har ei stødig og god senterlinje i laget sitt og var klart best 1. omgang.
Etter pause gjer me dei 4 mål før det er gått 20 minutt, 1 selvmål, ei straffe, ein feilpassning rett til motspelar + 1 mål som er ok. Siste 25 minutta tar FK Vang heilt over, men scorar desverre berre 1 mål. 

Når dette er sagt har eg veldig stor tru på vår nye tropp med mange nye unge spelara. Kampen i kveld vart ei sleip affere på grasbanen i Torpa. Heimelaget mestra forholda veldig godt og var klare for kamp når dommaren bles i fløyta.
Vest Torpa skaper 7 gode sjanser i 1 omgang mot FK Vang sine 3. Fyrste scoringa kjem etter frispark frå ca 20 meter då ballen blir skrudd på utsida av ein litt feilplassert mur.
Andre scoringa til vertane kjem etter innlegg der forsvaret sover og 2-3 Torpingar får stå umarkert. Kun vår nye keeper Knut Ole Ranheim og Jan Magne Almenning som har fått plasssen på høgre back får godkjent denne omgangen.

I pausa er me ikkje på nokon måte fornøygd med prestasjonane og er veldig innstilt på å vise oss frå ei anna side. Det går kun 3 minutt av omgangen før Vest Torpa går opp i 3-0 etter eit selvmål. Straffe etter 7 minutt og 4-0, litt unødvendig takling, 5-0 etter feilpassning i bakre rekker og som sagt 1 fint mål. 6-0! 19 minutt ut i omgangen og to sjanser er bra uttelling.

Etter dette tar FK Vang heilt over og har 8 store sjanser, men klarer berre å score eit mål etter ca halvtimen. Vår nye spiss Benjamin Vidme Skattebo sett sitt fyrste på elegant vis, Olav Ulven har assisten. Sjansene til FK Vang er meget store, men ein god Vest Torpa keeper og stengene er i vegen.  

Laget: Knut Ole, Jan Magne, Mats, Ola, Tore, Vegard, Vemund, Thomas Eivind, Åsmund, Benjamin, Olav og Christian 

Dagens mann vart vår nye keeper Knut Ole Ranheim med god margin, Jan Magne Almenning og Benjamin Vidme Skattebo får sølvplassen og Ola Hilmen Hovi får tredjeplassen. Olav Tveit Ulven hadde også eit godt innhopp og startar garantert neste kamp.
Dessverre er vår nye keeper så fersk i klubben at bilde ikkje er ordna ennå, men det kjem! 

 

  
  

Beitostølen Cup 2019

PUBLISERT 19.01.2019

FK Vang presterte rimelig bra, men gikk ut etter innledende runde på fredag 18 januar. Kun vinneren gikk videre i vår pulje som besto av 4 lag. Vi møtte Land Turtles (Dokka Sport) i første kamp, denne ble rimelig jamn og endte 2-2. Vi burde ha avgjort denne kampen, med store muligheter på slutten. Valdres FK junior var motstander i kamp nummer 2, juniorene ble litt for lette og måtte plukke seks baller ut fra nettmaskene. Siste kamp ble avgjørende, Slidre/Røn mot FK Vang, begge med like mange poeng, Slidringene med litt bedre målscore.

Les meir »

Årets spelar 2018

PUBLISERT 25.11.2018

Ola Hilmen Hovi vart kåra til årets spelar i FK Vang. Vegard Kjøs Egge fekk toppscorarprisen, han vart også assistkongen sammen med Åsmund Bakkene. Mats og Ola ordna eit bra opplegg for avsluttninga av årets sesong. Me starta på Peppes på Beitostølen med god mat og drikke, premieutdeliga gjekk føre seg i El-Fag sine lokaler. Festen varte ut i de små timer vil jeg tro, håper formen på gjengen er like fin i dag.

Les meir »

Slidre/Røn - FK Vang: 1-2 (0-0)

PUBLISERT 29.09.2018

Røn stadion laurdag 29.09.2018 kl. 13.00. Dommar: Jan Erik Haugom. Speaker: Nei. Publikum: 50 stk. Spennende kamp fra start til slutt, slik det bruker og slik det skal være i nabo-oppgjer. Herlig med seier på overtid som også medfører at vi er poenget foran Slidre/Røn på tabellen. FK Vang er dermed det beste A-laget i Valdres med kun Valdres-spillere i stallen denne sesongen. Heimelaget var best før pause, men gjestene sto godt i mot og brukte denne omgangen til å bli venn med den sleipe grasbanen i Røn. Benjamin Vidme Skattebo ordnet 0-1 etter ca 15 minutt i andre omgang og Thomas Hilmen fekk tåa på ballen 2 minutt på overtid.

Les meir »

Skreia - FK Vang 2-2(1-1)

PUBLISERT 08.09.2018

Skreia ipl kunstgress fredag 7. september kl.20.00. Dommer: Jan Erik Bjørnstad. Assistentar: Tom Erik Kristiansen og Nils Røli. Publikum: ca. 40 stk. Rett og slett ein framifrå god og spennende kamp på Skreia i kveld. Resultatet vart 2-2, men FK Vang føler seg snytt for seieren etter ei tvilsom anulering i det 89. minutt. Skreia går opp i 2-1 i det 85. minutt, etter ein feil i vårt forsvar. FK Vang utligner 1 minutt før full tid, men som beskrevet blir målet tvilsomt anulert. Jeg tror dette tenner oss veldig, vi vil ikkje tape dette jamne oppgjeret. To minutt ut i tilleggstida kjem scoringa etter at Åsmund sler perfekt inn til Vegard som heddar ballen i nettmaskene med stor kraft.

Les meir »