Vegard Kjøs Egge8 mål i 2018
Eivind Bakkene6 mål i 2018
Åsmund Bakkene5 mål i 2018
Ingen mål registrert
 

Slidre/Røn - FK Vang: 1-2 (0-0)

PUBLISERT 29. september 2018

Røn stadion laurdag 29.09.2018 kl. 13.00.
Dommar: Jan Erik Haugom.
Speaker: Nei.
Publikum: 50 stk.

Spennende kamp fra start til slutt, slik det bruker og slik det skal være i nabo-oppgjer. Herlig med seier på overtid som også medfører at vi er poenget foran Slidre/Røn på tabellen.
FK Vang er dermed det beste A-laget i Valdres med kun Valdres-spillere i stallen denne sesongen.
Heimelaget var best før pause, men gjestene sto godt i mot og brukte denne omgangen til å bli venn med den sleipe grasbanen i Røn.
Benjamin Vidme Skattebo ordnet 0-1 etter ca 15 minutt i andre omgang og Thomas Hilmen fekk tåa på ballen 2 minutt på overtid.

FK Vang har hatt ein rimelig stabil 11-er i haust, som også har fått trent bra sammen. I dagens kamp mangla vi desverre to av denne gjengen pga sjukdom og utenlandsreise. Kaptein Åsmund og Jan Magne vart savna, men Thomas, Kjell Magne og Øyvind vart heldigvis med og desse tre klarte seg godt. 
Kampen starta som beskrevet best for heimelaget, men FK Vang sitt forsvar og vår keeper rydda opp i stor stil. FK Vang hadde eit meget godt angrep før pause og også nokre avsluttningar der ballen sklei av som det sies.
I pausa var me rimeleg godt tilfreds, godt at Øyving Kjøs Egge kom til andre omgangen i og med Kjell Magne Kvale sin strekk rett før pause. Brystinga av ballen inn til keeper fra Kjell Magne denne omgangen vart betegna som høgdepunktet denne omgangen frå ein tannlege blandt publikum.

Andre omgangen var mykje bedre av FK Vang. Etter ein corner som Slidre/Røn har, avklarar Vemund Syversrud langt ut, Benjamin Vidme Skattebo vinn duellen og rundar ein mann og i neste omgang keeperen til Slidringane og scorar nydeleg 0-1 målet.
Etter dette blir FK Vang litt feige og skal ri denne leiinga inn, men slik blir det ikkje. Slidre/Røn er gode på dødball og har mange store spelara i stallen. Dødballar får dei når me er for utålmodige i fleire duellar på midten, det er også på ein retur etter ein dødball dei utilknar 33 minutt ut i omgangen.
Etter dette er det Slidre/Røn som blir feige og slepper seg ned og bruker god tid på alt som seg hør og bør, med uavgjort har dei tredje plassen i serien.
FK Vang kjører på framover, og etter ein corner 2 minutt på overtid og klabb og babb i feltet får Thomas Hilmen pirka inn seiersmålet med tåa. Kaptein for dagen Mats Veisene får assisten.
Dommaren bles for full tid like etter dette og FK Vang får med seg 3 kjærkomne poeng og er forbi heimelaget på tabellen. Borte mot Skreia ordna me poeng i sluttminutta og det same skjer i dag, dette fortel mykje om gjengen vår.

Knut Ole Ranheim er ein autoritet bakerst hos FK Vang, han er myndig og meget sterk i alle situasjoner som oppstår og blir dagens mann i FK Vang. Kaptein Mats Veisene er også ein god nummer to i dag, han er rask og god både i lufta og på bakken. Tredjeplassen i kåringa får Vegard Kjøs Egge og Benjamin Vidme Skattebo, Vegard si kraft skremmer dei fleste og Benjamin sine avsluttningsegenskaper og fart gjer det samme. Laget fungerer rimelig bra og alle kan væra godt nøygde med prestasjonen.  

Laget: Knut Ole, Kjell Magne, Mats, Ola, Christian, Rokas, Vemund, Kasper, Vegard, Thomas, Benjamin, Hadgu og Øyvind.

Treningspause nå fram til desember!

Godt levert i år gutter! 
 
 
 
 
 
 
              

Beitostølen Cup 2019

PUBLISERT 19.01.2019

FK Vang presterte rimelig bra, men gikk ut etter innledende runde på fredag 18 januar. Kun vinneren gikk videre i vår pulje som besto av 4 lag. Vi møtte Land Turtles (Dokka Sport) i første kamp, denne ble rimelig jamn og endte 2-2. Vi burde ha avgjort denne kampen, med store muligheter på slutten. Valdres FK junior var motstander i kamp nummer 2, juniorene ble litt for lette og måtte plukke seks baller ut fra nettmaskene. Siste kamp ble avgjørende, Slidre/Røn mot FK Vang, begge med like mange poeng, Slidringene med litt bedre målscore.

Les meir »

Årets spelar 2018

PUBLISERT 25.11.2018

Ola Hilmen Hovi vart kåra til årets spelar i FK Vang. Vegard Kjøs Egge fekk toppscorarprisen, han vart også assistkongen sammen med Åsmund Bakkene. Mats og Ola ordna eit bra opplegg for avsluttninga av årets sesong. Me starta på Peppes på Beitostølen med god mat og drikke, premieutdeliga gjekk føre seg i El-Fag sine lokaler. Festen varte ut i de små timer vil jeg tro, håper formen på gjengen er like fin i dag.

Les meir »

Skreia - FK Vang 2-2(1-1)

PUBLISERT 08.09.2018

Skreia ipl kunstgress fredag 7. september kl.20.00. Dommer: Jan Erik Bjørnstad. Assistentar: Tom Erik Kristiansen og Nils Røli. Publikum: ca. 40 stk. Rett og slett ein framifrå god og spennende kamp på Skreia i kveld. Resultatet vart 2-2, men FK Vang føler seg snytt for seieren etter ei tvilsom anulering i det 89. minutt. Skreia går opp i 2-1 i det 85. minutt, etter ein feil i vårt forsvar. FK Vang utligner 1 minutt før full tid, men som beskrevet blir målet tvilsomt anulert. Jeg tror dette tenner oss veldig, vi vil ikkje tape dette jamne oppgjeret. To minutt ut i tilleggstida kjem scoringa etter at Åsmund sler perfekt inn til Vegard som heddar ballen i nettmaskene med stor kraft.

Les meir »

FK Vang - Biri: 0-1 (0-1)

PUBLISERT 01.09.2018

Tveit stadion kunstgras laurdag 1 sept. kl. 15.00. Dommar: Samir Krndzija. Speaker: Nei. Publikum: ca. 30 stk. Serieleder Biri var meget heldige som fekk med seg 3 poeng i dagens batalje på Tveit. Heimelaget var det beste laget fyrste omgangen men klarte ikkje å omseta sjansene i mål bak ein god sisteskanse i Biri sitt mål. Andre omgang var det stillingskrig og lite sjanser, Biri låg djupt med laget etter utvisninga dei fekk 25 minutt før slutt. FK Vang burde ha utnytta den situasjonen bedre, me stanga og stanga men klarte ikkje å få ballen i nota.

Les meir »