Vegard Kjøs Egge8 mål i 2018
Eivind Bakkene6 mål i 2018
Åsmund Bakkene5 mål i 2018
 

Raufoss 3 - FK Vang: 3-5 (1-2)

PUBLISERT 25. august 2018

Raufosshallen 24 august kl.19.30.
Dommar: Jan Erik Bjørnstad.
Publikum: Ca 20 stk.

FK Vang var det klart beste laget og vant fortjent kveldens kamp inne i Raufoss storhall.
Raufoss hadde eit rimelig bra mannskap og var også i denne kampen ein sympatisk og triveleg gjeng.
Sjanse og cornerstatistikken syner eit klart overtak til gjestene frå Valdres, 0-11 i corner og 7-18 i sjanser seier sitt.
Benjamin Vidme Skattebo scorar tre og blir dagens mann i FK Vang. 

Kampen ble flytta innendørs pga kraftige regnbyger og torden, storhallen mangler fortsatt noe lys etter kolapsen i vinter men alt i alt ok.
FK Vang skaper gode sjanser i starten og er på hogget i kveld, stor forbedring fra forrige bortekamp. Ballen blir trillet og passningene sitter mye bedre enn tilfellet var i Torpa. 
Benjamin Vidme Skattebo kommer først på scoringslista etter eit langt utspark fra keeper Knut Ole Ranheim som får assisten. Benjamin kjemper seg forbi to motstandere og scorer fra spiss vinkel via ein totning når kampuret viser 19 minutt.
Fem minutt seinere er det Åsmund Bakkene sin tur, han får assisten fra Benjamin som legger ballen 45 grader ut til Åsmund som banker den inn i nettmaskene.
Etter dette faller FK Vang litt i sammen og Raufoss får styre kampen, heimelaget scorer også sitt mål etter ca halvtimen og stillingen er 1-2 til pause. 4-8 i sjanser i omgangen så resultatet er ok, selv om både Vegard og Åsmund bør scora på store sjanser som går utenfor stengene.

I pausa er vi mellomfornøyd med prestasjonen, det er viktig å brette opp ermene og jobbe. Kaptein Åsmund tar tak i dette og viser hva både han og laget er kapable til dei neste 45 minutta. Jeg synes FK Vang er meget gode siste omgangen i kveld med bortimot 10 sjanser som er meget store. Keeperen til Raufoss er mesterklasse på fire av våre cornera denne omgangen, det er nesten heilt uvirkelig at han klarer å redde alle desse gode heddingane frå gjestene. Etter ca halvspelt omgang er det Eivind Bakkene som scorar etter innlegg fra Vemund Syversrud som kjem forbi på vår høgre side, flott mål! Benjamin sett sitt andre frå ganske spiss vinkel i det 28 minutt etter passning fra Vegard Kjøs Egge. Raufoss reduserer på straffe etter halvtimen, dette er fyrste gongen dei er i vår 16 meter denne omgangen.
Benjamin sett sitt tredje mål i det 37. minutt, Vegard har atter assisten. Benjamin syner at han er ein stor målscorar, han er presis i avsluttningane og bommar sjeldan på mål.
Raufoss reduserer på si andre sjanse fem minutt før full tid og sluttresultatet blir 3-5. Etter sjanser og cornera burde resultatet vore større, men me er godt tilfreds. No er det berre å gjere seg klar til to tøffe oppgjer, Biri på heimebane og Skreia på bortebane i helgene som kjem.   
 
Heile laget er bra i kveld, Jan Magne og Christian som ikkje får sine favorittplassar på banen klarer seg begge utmerket på back. Det er også godt å ha Kasper Kjeldsen tilbake sentralt.
Benjamin Vidme Skattebo vinn klart avsteminga etter kampen og blir kveldens mann på FK Vang, Åsmund Bakkene og Vemund Syversrud får sølvplassen og Ola Hilmen Hovi kjem på ein sterk tredje plass.

Laget: Knut Ole, Jan Magne, Ola, Mats, Christian, Vegard, Vemund, Kasper, Eivind, Åsmund, Benjamin og Rokas.

Trening tysdag kl. 19.30. 
     

Årets spelar 2018

PUBLISERT 25.11.2018

Ola Hilmen Hovi vart kåra til årets spelar i FK Vang. Vegard Kjøs Egge fekk toppscorarprisen, han vart også assistkongen sammen med Åsmund Bakkene. Mats og Ola ordna eit bra opplegg for avsluttninga av årets sesong. Me starta på Peppes på Beitostølen med god mat og drikke, premieutdeliga gjekk føre seg i El-Fag sine lokaler. Festen varte ut i de små timer vil jeg tro, håper formen på gjengen er like fin i dag.

Les meir »

Slidre/Røn - FK Vang: 1-2 (0-0)

PUBLISERT 29.09.2018

Røn stadion laurdag 29.09.2018 kl. 13.00. Dommar: Jan Erik Haugom. Speaker: Nei. Publikum: 50 stk. Spennende kamp fra start til slutt, slik det bruker og slik det skal være i nabo-oppgjer. Herlig med seier på overtid som også medfører at vi er poenget foran Slidre/Røn på tabellen. FK Vang er dermed det beste A-laget i Valdres med kun Valdres-spillere i stallen denne sesongen. Heimelaget var best før pause, men gjestene sto godt i mot og brukte denne omgangen til å bli venn med den sleipe grasbanen i Røn. Benjamin Vidme Skattebo ordnet 0-1 etter ca 15 minutt i andre omgang og Thomas Hilmen fekk tåa på ballen 2 minutt på overtid.

Les meir »

Skreia - FK Vang 2-2(1-1)

PUBLISERT 08.09.2018

Skreia ipl kunstgress fredag 7. september kl.20.00. Dommer: Jan Erik Bjørnstad. Assistentar: Tom Erik Kristiansen og Nils Røli. Publikum: ca. 40 stk. Rett og slett ein framifrå god og spennende kamp på Skreia i kveld. Resultatet vart 2-2, men FK Vang føler seg snytt for seieren etter ei tvilsom anulering i det 89. minutt. Skreia går opp i 2-1 i det 85. minutt, etter ein feil i vårt forsvar. FK Vang utligner 1 minutt før full tid, men som beskrevet blir målet tvilsomt anulert. Jeg tror dette tenner oss veldig, vi vil ikkje tape dette jamne oppgjeret. To minutt ut i tilleggstida kjem scoringa etter at Åsmund sler perfekt inn til Vegard som heddar ballen i nettmaskene med stor kraft.

Les meir »

FK Vang - Biri: 0-1 (0-1)

PUBLISERT 01.09.2018

Tveit stadion kunstgras laurdag 1 sept. kl. 15.00. Dommar: Samir Krndzija. Speaker: Nei. Publikum: ca. 30 stk. Serieleder Biri var meget heldige som fekk med seg 3 poeng i dagens batalje på Tveit. Heimelaget var det beste laget fyrste omgangen men klarte ikkje å omseta sjansene i mål bak ein god sisteskanse i Biri sitt mål. Andre omgang var det stillingskrig og lite sjanser, Biri låg djupt med laget etter utvisninga dei fekk 25 minutt før slutt. FK Vang burde ha utnytta den situasjonen bedre, me stanga og stanga men klarte ikkje å få ballen i nota.

Les meir »