Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
 

FK Vang - Søndre Land: 0-2 (0-2)

PUBLISERT 25. august 2017

Tveit stadion kunstgras fredag 25 august kl. 19.30.
Dommar: Egil Morten Løvli.
Assistentar: Vebjørn Engeli og Bernt Johan Harjo.
Dommarveileder: Dag Engelund fra Søndre Land!?
Publikum: 20 stk.

Serielederen Søndre Land var på besøk på Tveit i kveld og det vart ein rimelig jamn kamp. Søndre Land scora to mål i fyrste omgangen det eine etter ein corner i det 35. minutt. Mål nummer to kjem etter ein situasjon der FK Vang skulle hatt frispark men dette uteblir og Landingane får fri bane 1 minutt på overtid i omgangen.
FK Vang hadde sine sjanser før pause, men klarte ikkje å få ballen over streken.

To mål under til pause føltes heller urettferdig, men heimelaget hadde absolutt trua på att dette skulle kunne gå bra.
Kampen utover den siste omgangen var også jamn, men måla dei uteblei. FK Vang justerte formasjonen i slutten av kampen utan hell, eit par store sjanser til gjestene kom på grunn av dette.
Heimelaget har hatt ein dårleg start på haustsesongen poengmessig, men denne kampen var ein liten opptur i forhold til dei to burtekampane me har starta med.

At dommarane skal ha dommarveiledar frå Søndre Land synes eg er merkelig. Slike ting kan føre til spekulasjoner, kretsen bør sjå på sine rutiner med tanke på dette.

Laget: Jarle, Ola, Kasper, Thomas, Mats, Jan Magne, Kim B, Vegard, Trym, Åsmund, Morten, Eivind, Magnus, Limar og Sander.

Kasper Kjeldsen vart kåra til FK Vang sin beste i kveld, Kasper var kun poenget framfør Mats Veisene som tok ein fortjent sølvplass. Jarle Haugrud fekk tredje plassen i kåringa.

Trening tysdag kl. 20.00 og neste kamp er borte mot Lunner neste fredag.         
   

         

Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20.01.2018

Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.

Les meir »

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22.10.2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »