Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22. oktober 2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00.
Dommar: Tommy Frydenlund.
Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien.
Speaker: Ordfører Eltun.
Publikum: ca 20 stk.

Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde.
Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Kampen starta med stillingskrig, men det var Dombås som var frampå fyrst i det 16. minutt og ordna leiing. Mål nummer 2 til Dombås kjem kun 4 minutt etter og den scoringa kjem ut frå ingen ting, altså Dombås leiar 2-0 etter å ha hatt ei målsjanse.
FK Vang har to avsluttningar i metallet like etter dette, den eine nær krysset og den andre i den høgre stolpen.
Like før halvtimen kjem scoringa til heimelaget, Jan Magne sler ein fin corner frå vår venstre side som Kasper Kjeldsen nikkar kontant i mål. FK Vang er på hogget, men fleire mål kjem det ikkje. Jarle Haugrud har to fantastiske parader på overgangar gjestene får og held oss inne i kampen før pause.

Dombås er skumle på overganger og dette blir justert litt i pausa, flatere firer og offsidefella til FK Vang fungerte mykje bedre etter pause. Dombås hadde kun ei stor sjanse og den scora dei på. Heimelaget hadde fire bra sjanser etter pause, størst var muligheita Åsmund hadde frå veldig skrå vinkel. Ola Hilmen Hovi hadde eit fantastisk raid oppover i frå sin midtstopparplass, avsluttninga var super men gjekk desverre i metallet heilt ved krysset til venstre for ein meget god Dombåskeeper.

Begge keeperane var viktige for at det ikkje vart meir mål i denne kampen. FK Vang sin keeper Jarle Haugrud vart kåra til heimelaget sin beste spelar med god margin. Åsmund Bakkene er ein god nummer 2 og Mats Veisene, Vemund Syversrud og Thomas Hilmen deler 3. plassen. FK Vang spelar ein god kamp i dag, sjansestatistikken syner 8-7 og cornerstatistikken 4-1 etter 93 minutt.
Moro at Kim K og Kim B og Kai Arne K akslar FK Vang trøya igjen.

Laget: Jarle, Sander, Ola, Kasper, Mats, Kim B, Thomas, Vemund, Åsmund, Jan Magne, Morten, Magnus, Kai Arne K, Erik og Kim K. 

Treningspause no fram til januar.
Fotballfest blir det, trenaren tek oppgåva!
Takk for i år gutar, toppnivået er på høgde med vinnaren Søndre Land som vi sender gratulasjoner til!


 

     
  

Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20.01.2018

Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.

Les meir »

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »

FK Vang - Dokka SK: 2-3 (1-0)

PUBLISERT 06.10.2017

Tveit stadion kustgras 6. oktober kl. 19.30. Dommar: Terje Klungsøyr. Assistentar: Jan Erik Haugom og Bjørn Dag Lundhaug. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Vinden på Tveit er med og styrer omgangane i kveld. Dommaren kjem også i fokus, og dessverre i FK Vang sin dissfavør. Særleg er det frisparkmålet som blir anulert etter 9. minutt av kampen, dommaren hevdar det er inndirekte frispark men held ikkje armen oppe. Både benken til Dokka og FK Vang ser ingen arm oppe og ingen protesterar på målet, kun dommaren er av den meining. I følge regelboka skal i så fall frisparket bli tildelt på nytt, altså om dommaren har gløymt å halde opp hånda.

Les meir »