Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Reinsvoll: 0-5 (0-1)

PUBLISERT 8. september 2017

Tveit stadion kunstgras fredag 8 september kl 19.30.
Dommar: Nils Arne Solberg.
Assistentar: Svenn Olav Fossholt og  Jan Erik Haugom.
Publikum: 20 stk.

FK Vang var med i 60 minutter i kveldens kamp mot Reinsvoll på Tveit.
Kampen var jamn til kampuret viste timen, men 2 raske mål til gjestene etter dette spolerte våre sjanser.
Heimelaget stilte opp med mange unge og lovande spelara i startelleveren, det er viktig å ta desse kampane som læring sjølv om det er surt å tape med 5 mål.   
Jeg tror seriemesteren meget vel kan bli Reinsvoll.
Reinsvoll har enklere motstand i kampene som gjennstår enn Søndre Land og Kolbu KK 2. 

To sjanser til begge lag og 2-1 i cornera etter dei fyrste 45 minutta, men 0-1 til gjestene etter eit flott skudd i venstre vinkel etter ca halvtimen. Tur og utur i fotballkampar brukar å jamne seg ut, men ikkje for vår del i kveld. Dagens mann på FK Vang, Kasper Kjeldsen var meget nær utligning etter ein corner, men heddinga strauk like over.
I pausa var heimelaget innstilt på ein god andre omgang og den starta greit, men 15 minutt ut i omgangen kom 0-2 og tre minutt seinar 0-3 og då var det kjørt. Reinsvoll vant duellane og var klart best denne perioda. Heimlaget hadde mange enkle balltap og fekk smake totningane sin vinnervilje. 0-4 etter straffe etter ca halvtimen og 0-5 i siste spilleminutt av kampen.

Laget: Jarle, Magnus, Kasper, Ola, Mats, Jan Magne, Trym, Vemund, Vegard, Åsmund, Morten, Limar, Eirik, Tobias og Sander. 

Dagens mann på FK Vang vart Kasper Kjeldsen poenget framfør Vemund Syversrud med Jan Magne Almenning på ein sterk tredjeplass i kåringa.

Då er det berre å reise kjerringa som ordtaket fortel, neste sjanse er heime mot Fåberg 2 på tysdag kl. 19.30. 
 


     

 

Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20.01.2018

Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.

Les meir »

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22.10.2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »