Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Etnedal: 5-1 (2-0)

PUBLISERT 29. april 2017

Tveit stadion 29.april kl. 15.00.
Dommar: Vidar Hilmen.
Publikum: ca. 20 stk.

God generalprøve av heimelaget i dag.
Etnedal er i samme avdeling som Slidre/Røn og skal eg tippe, trur eg Etnedal kjem til å vinne 6. divisjon i år.
Dei fyrste 45 minutta var FK Vang det klart beste laget. Vemund scora sikkert på straffe i det 12. minutt, etter att Morten vart forhindra på eit gjennomløp. Morten dobbla leiinga etter ca halvtimen etter ein fin langlobb.

Etnedal var meir på hogget etter pause og reduserte etter 5 minutt av omgangen, dei kunne fort ha utligna på ei sjanse etter dette.
Vegard Kjøs Egge putta flott inn 3-1 til vertene, og etter dette virka det litt kjørt frå gjestelaget.
Morten Sønsteby putta 2 til 10 minutter før slutt og FK Vang vant med klare siffer.

Morten blir dagens mann i FK Vang med sine 3 mål. Vemund hadde også i dag ein meget god dag på jobben for heimelaget, han scora sikkert på straffe og hadde 2 av assistane.

Laget: Jarle, Magnus, Ola, Kasper, Mats, Jan Magne, Vemund, Kim B, Eivind, Vegard, Morten, Sander og Anders. 

Seriestart i 5. divisjon mot Ringebu-Fåvang neste laurdag kl. 15.00 på Tveit. Laget begynner å ta form, det blir godt å koma igang.

Vest Torpa har desverre trekkt laget sitt i 5 divisjon, dei stiller kun lag i 6 divisjon. Det blir då berre 18 kampar for FK Vang denne sesongen. Dumt at dei ikkje kunne finne ut dette før slik at eit anna lag kunne steppe inn.  

Trening tysdag kl 19.30 på Tveit.   

  




Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20.01.2018

Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.

Les meir »

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22.10.2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »