Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Dokka SK: 2-3 (1-0)

PUBLISERT 6. oktober 2017

Tveit stadion kustgras 6. oktober kl. 19.30.
Dommar: Terje Klungsøyr.
Assistentar: Jan Erik Haugom og Bjørn Dag Lundhaug.
Speaker: Kjell Magne Kvale.
Publikum: ca. 20 stk.

Vinden på Tveit er med og styrer omgangane i kveld. Dommaren kjem også i fokus, og dessverre i FK Vang sin dissfavør.
Særleg er det frisparkmålet som blir anulert etter 9. minutt av kampen, dommaren hevdar det er inndirekte frispark men held ikkje armen oppe. Både benken til Dokka og FK Vang ser ingen arm oppe og ingen protesterar på målet, kun dommaren er av den meining. I følge regelboka skal i så fall frisparket bli tildelt på nytt, altså om dommaren har gløymt å halde opp hånda.

Laga hadde kvar sin omgang i kveld og FK Vang var gode i medvinden i fyrste omgang.
Heimelaget hadde 8 gode sjanser, men fekk berre eit godkjent mål då Kasper Kjeldsen får ballen frå ein motspelar etter corner og set inn 1-0 målet i det 26, minutt. Før dette hadde Thomas Hilmen det nydelige frisparkmålet som vart anulert. FK Vang hadde virkeleg fortjent fleire mål denne omgangen etter sine store sjanser og mange cornera men dengang ei.

I pausa er me bra tilfreds med det som har skjedd dei fyrste 45. minutta, når ein ser bort frå uttelliga då. Me veit også att Dokka kjem til å prøve alt dei kan frå start etter pause.
 
Dokka set bra press på heimelaget etter kvilen, dei kjører på med høgt press frå start i medvinden. FK Vang står bra i mot, men etter 10 minutt kjem utligninga. Scoringa gjer sjøvsagt gjestene boost og i det 63. minutt går dei opp i leiing 1-2. Denne scoringa må vår keeper ta på si kappe, men mål er mål.
FK Vang prøver og prøver og har kjempesjanser med både Mats og Trym som begge bommar på ope mål.
Kasper Kjeldsen blir felt like utanfor 16 meteren til Dokka når kampuret syner 90 minutt. Åsmund Bakkene scorar på dette frisparket og laga er like langt. Heimelaget øyner tre poeng i tillagt tid og kjører på, men det blir gjestene som dreg det lengste strået. Dokka får eit frispark 3 minutt på overtid og kjører fram heile laget i medvinden, frisarket blir slått frå Dokka si høgreside og blir virkelig kriga inn i mål med tel.
Meget surt for FK Vang sjølvsagt etter å ikkje ha tapt for Dokka sidan 2015, men spenning i kampen var det frå start til slutt.  

Laget: Jarle, Magnus, Ola, Kasper, Mats, Jan Magne, Thomas, Vegard, Åsmund, Vemund, Morten, Trym, Sander og Tobias.

Dagens menn i FK Vang vart Jan Magne Almenning og Åsmund Bakkene som delte fyrsteplasseen. Spesielt sterkt av Jan Magne, 17 åringen er god med ballen og jobbar som ein helt heile kampen. Ungguten får bilde på nettsia. Thomas Hilmen er også tilbake etter ei lita pause, Thomas spelar ein god kamp på midtbanen og blir nummer to i kåringa, Kasper Kjeldsen er atter på pallen etter ein god kamp.

Trening i veka som kjem: Tysdag kl. 19.30     

Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20.01.2018

Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.

Les meir »

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22.10.2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »