Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
Ingen mål registrert
 

Beitostølen Cup

PUBLISERT 20. januar 2017

Beitostølen Cup 2017.
FK Vang laga møtte god motstand i innleiande runder og er ferdige etter fyrste kvelden. Begge laga presterte rimeleg bra og hadde kvar sin seier, men dette var ikkje nok til å nå sluttspel. Ekstra moro var det at ungutane Sander Eltun og Jan Magne Almening scora mot 3. divisjonslaga Kolbu KK 1 og Valdres FK 1.

Premiar for 2016 sesongen vart også utdelt, Simen Strandbråten vart kåra til årets spelar FK Vang 2016 med god margin. Den godeste Simen vart også toppscorar med sine 13 scoringar, han var eit hav foran nummer to.
Vegard Kjøs Egge fekk assistkonge prisen og Thomas Hilmen fekk pris for årets mål 2016.

Så tilbake til Beitostølen Cup:

FK Vang 1: Jarle, Sverre, Kim B, Kim K, Vegard, Anders, Simen og Thomas.
FK Vang 1 - Etnedal: 2-1, Kim K og Simen
Kolbu KK 2 - FK Vang 1: 3-2, Kim K og Kim B
Toten FK - FK Vang 1: 5-1, Jarle
FK Vang 1 - Valdres FK 2: 0-2
FK Vang 1 var bra med i alle kampane, men vart for tafatte mot Valdres FK 2 i siste kampen då sluttspelplassen vart avgjort.

FK Vang 2: Magnus, Tobias, Jan Magne, Merih, Sander, Ivar, Eirik, Robert og Morten.
FK Vang 2 - Valdres FK 1: 2-8, Jan Magne, Morten
Kolbu KK 1 - FK Vang 2: 5-1, Sander
Snertingdal 2 - FK Vang 2: 2-3, Morten 2, Eirik
FK Vang 2 - Dokka SK 1: 0-2
FK Vang 2 klarte seg også meget bra og leia kampen mot Valdres FK 1 lenge.
Dei vart heller ingen kastekjepp mot Kolbu KK 1. Då Snertingdal vart slått i kamp nr. 3 var det litt vinn eller forsvinn mot Dokka SK 1. Med skade på Jan Magne og tidleg farvel frå Ivar vart det for tøft. Keeper Magnus bør også navnast på dette laget, han klarte seg veldig bra.

Trening tysdagar kl. 20.00 i Valdres storhall.
Møt opp!!! trening må til!

  



Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20.01.2018

Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.

Les meir »

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22.10.2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »