Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Hallingdal FK 2: 3-2

PUBLISERT 6. mars 2016

Valdres Storhall søndag 6 mars kl. 15.00
Dommar: Daniel Enger

FK Vang med seier i dagens treningskamp mot Hallingdal FK 2.
Kampen var jamn frå start til slutt, men seiersmålet til FK Vang kom 7 minutt før slutt.

Oppgjeret starta ikkje særleg bra for vertene, ubesluttsomheit i avklaring førte til Hallingmål 6 minutt ut i kampen.
Etter dette var det stillingskrig med nokre småsjanser begge veger.
Vår nye spiss Simen Strandbråten er rask og god med ball og blir ein god forsterking på denne plassen i år. Simen utlignar resultatet med ein elegant lobb, etter å ha fått framspelet frå keeper Jarle, dette skjer i det 36. minutt.
Thomas Hilmen er frisparkmann med sin gode venstrefot, ballen går direkte inn og FK Vang er i føringa når 42 minutt er gått.
Vertane er sløve etter scoringa og vipps så står det 2-2 rett før pause.

I pausa blir det nokre endringar, slik at fleire spelara får prøvd seg.
Stillingskrig også denne omgangen, hallingane har ballen mykje og har fleire gode ungutar på laget. Begge lag skaper sine sjanser, FK Vang mest på kontringar.
Det er også ei kontring me vinn kampen på i det 83. minutt. Vegard Kjøs Egge klistrar ballen i nettet etter framspelet frå Sverre Melby.

Laget: Jarle, Håvard, Øyvind, Thomas, Kai Arne S, Sverre, Kim B, Kim K, Olav, Eirik, Simen, Vegard K E, Tormod, Ivar og Audun

Dagens mann i FK Vang etter trenaren sitt syn: Kai Arne Sandhaugo, meget god på back i dag.      

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »