Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
 

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23. september 2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30
Dommar: Nils Arne Solberg
Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken
Speaker: Ordfører Vidar Eltun
Publikum: ca 40 stk.

FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side.
Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Det går berre fire minutt før Vind scorar sitt fyrste mål, denne sjansa er det me som gjer dei etter dårleg avklaring i vårt forsvar. FK Vang er gode denne omgangen og skaper sjanse på sjanse, men det skal gå over halvtimen før utligninga kjem. Åsmund Bakkene har assisten til Olav Ulven som får ballen i nettet. Vind får tildelt ei heller billig straffe som Jarle mesterlig reddar, dette skjer etter ca 37 minutt. Heimelaget har meget store sjanser etter dette, ei av dei etter hedding frå Simen. Ballen går på innsida av stolperota, men ballen rullar etter målstreken og vil desverre ikkje inn. Like før pause får Vind sitt andre mål, dette etter klabb og babb og meget dårlig avklaring frå heimelaget.

FK Vang var det klart beste laget i fyrste omgang og me var i pausa fokusert på at dette skulle gå vegen for oss.
I andre omgang hadde FK Vang medvind og me kom godt igang. Me hadde ei kjempesjanse som vart brent høgt over tverrliggaren frå 6 meters hold. Avsluttningane sit ikkje før heimelaget  og då er det vanskelig å vinne fotballkampar. Miss på tilbakespel til vår keeper fører til 1-3 til gjestene etter 57 minutt. Miss på avklaring fører til 1-4, det vil seg ikkje for vertene. Men så blir Vegard Kjøs Egge spelt igjennom av Åsmund Bakkene og Vegard scorar sikkert.
Me skapar også sjanser på slutten, men når Thomas får sitt andre gule blir det tungt.
Vind vinn kampen med 2 mål og det føles meget tungt og urettferdig etter alle sjansene heimelaget brenn.

Laget Jarle, Sverre, Kasper, Thomas, Eirik, Olav, Øyvind, Kim K, Vegard, Åsmund, Simen, Kai Arne K og Audun

Åsmund Bakkene blir kåra til FK Vang sin beste spelar tredje kampen på rad. Åsmund kjempar som ein helt og står på i 90 minutt. Øyvind Kjøs Egge tek sølvplassen og ryddar godt opp i si djupe midtbanerolle. Keeper Jarle Haugrud kjem på tredjeplassen, Jarle går i duellane med tel og kraft og reddar mesterlig ei straffe.

Trening i veka som kjem: Tysdag kl. 19.30     

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

Dokka SK - FK Vang: 0-2 (0-1)

PUBLISERT 17.09.2016

Dokka stadion laurdag 17 sept. kl.15.00. Dommar: Erling Kringsjå Skundberg. Assistentar: Nils Røli og Henrik Schjerven. Speaker: Ja. Publikum: 20 stk. Godt gjennomført burtekamp av FK Vang i dagens oppgjer. Me viste at Dokka ville kjempe som løver for poenga i dag, FK Vang ville det same og reiste over Tonsåsen att med full pott. Seieren var fortjent og kunne fort ha blitt større i og med straffemissen i andreomgang.

Les meir »