Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

Toten - FK Vang: 7-2 (2-2)

PUBLISERT 10. september 2016

Østre Toten kunstgressbane 9 september kl. 19.30
Dommar: Trond Nesset
Assistentar: Henrik Mathias Bjøraltlien og Finn Odvar Lebiko
Speaker: Ja
Publikum: ca 30 stk.

God 1. omgang av gjestene frå Valdres. FK Vang var kun 12 stk. til bortekampen i dag, 16 åringen Jan Magne Almenning debuterte med 11 er fotball og på A-laget i kveld. Jan Magne klarte seg meget godt, det blir spennande og sjå han framover.
Toten spelar bra fotball, dei har god bevegelse og bra passningskvalitet og er vel alt i alt det beste laget i årets avdeling synest vi, sjølv om dei har gått på nokre stygge smeller.

Heimelaget scora det fyrste målet etter kun 5 minutt, dette skjer etter ei upressa avsluttning frå ca 18 meter. FK Vang er godt med, vår offensive lagdel gjer det vanskeleg for Toten sitt forsvar ved fleire anledningar. Det er gått 12 minutt då Åsmund Bakkene scorar elegant etter assist frå Vegard Kjøs Egge. Utligning og stillingskrig framover, Toten har ein del cornera utan at det blir særlig farlig av den grunn. Halvegs ut i omgangen går heimelaget opp i 2-1, målet er litt for mykje einmannshow utan skikkelig press frå vår side.
FK Vang er bra med fortsatt og gjer Totningane kamp, utligninga kjem i det 31. minutt. Åsmund Bakkene har assisten på eit bra gjennomløp av Vegard Kjøs Egge, åleine mot keeper gjer han ingen feil og scorar sikkert. FK Vang har ei meget god sjanse til like etter dette, også denne gongen åleine mot keeper, men utan nettkjenning dessverre.
Ein god 1. omgang av gjestene og god tru i pausa.
2. omgang starter bra, vi er med. Meget billig straffe til Toten etter 11 minutt er med på å snu kampen til vertene sin fordel. FK Vang opptrer mindre som eit lag etter dette og Toten får det for enkelt og puttar etter 67, 74, 80 og 85 før dommaren bles for full tid.
FK Vang sto bra på og var bra med med tanke på 6 endringar i startelleveren frå forrige kamp.

Laget: Jarle, Sverre, Kasper, Erik, Eirik, Audun, Kim B, Øyvind, Morten, Vegard K E, Åsmund og Jan Magne.      

Åsmund Bakkene vart kåra til dagens mann på FK Vang, Åsmund var meget vanskelig å hanskes med for Toten sitt forsvar i kveld og viser sin klasse. Kasper Kjeldsen blir kåra til nummer to, Kasper styrer forsvaret godt og trør til når det må til. Øyvind Kjøs Egge og Erik Martinsen Dalåker deler tredje plassen, begge leverer ein god kamp og viser kva som må til på dette nivået.

Trening måndag kl. 19.30 på Tveit. 

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »