Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Nordre Land: 2-2 (1-2)

PUBLISERT 2. september 2016

Tveit stadion kunstgras 2. september kl. 19.30
Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal
Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Dag Engelund
Speaker: Nei
Publikum: 15 stk.

Meget bra med poeng mot Nordre Land, heimelaget hadde nesten fortjent alle tre etter ein flott andre omgang.
FK Vang tok 1 poeng i heimekampen mot Nordre Land i 2006, og vant 2-1 på Dokka same året, Etter dette har det vore heller svakt resultat frå vår side mot dette laget.
Vegard som sto i mål sist kamp fekk jobben med å lede laget frå sidelinja i kveld, og klarte dette meget bra.  

Det ser ikkje bra ut etter den fyrste halvtimen på Tveit i kveld, gjestene har då akkurat gått opp i 2 måls ledelse. FK Vang er delvis med, men må plukke ballen ut frå nettet etter 8 og 30 minutt.
Like før pause får Simen Strandbråten muligheten frå 22 meter, og kliner ballen utagbart i krysset. Kanskje årets mål så langt, Kim Kveno har assisten. Nordre Land var best denne omgangen og leiinga er fortjent, men FK Vang er med igjen og dette er fokuset i pausa.
Dei neste 45 minutta er FK Vang det beste laget, og utlignar i det 75. minutt. Kim Kveno slår eit godt og hardt innlegg som Øyvind Kjøs Egge får pannebrasken på og scorar utagbart mot tidlegare Haugesund keeper I gjestene sitt mål med ei knallhard heading.
FK Vang spelar god fotball denne omgangen, kombinasjonane og posisjonane sit bra og alle jobbar som heltar. Synd vertane ikkje får uttelling på stolpeskudda, men alt i alt eit greit resultat med tanke på begge omganger på Tveit i kveld.

Laget: Jarle, Sverre, Tore, Thomas, Eirik, Kai Arne K, Olav, Øyvind, Morten, Kim K, Simen og Håvard.

Dagens menn vart Øyvind Kjøs Egge, Simen Strandbråten og Kim Kveno, alle med 6 poeng. Øyvind får bilde på nettsida, Øyvind er meget viktig med sin rekkevidde og duellkraft sentralt. Han tar også draktvasken etter oppgjøret.
God innsats av heile hurven fører til poeng, treneren er meget tilfreds med poeng og får gode oppdateringer undervegs til Ullensvang Hotell i Hardanger.

Trening måndag kl. 19.30    

 

 

 

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »