Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Brumunddal 2: 1-9 (1-3)

PUBLISERT 22. mai 2016

FK Vang er ikkje oppe i situasjonene og blir til tider utspelt av eit lag vi absolutt burde vore på høgde med.
Både Brumunddal 2 og FK Vang hadde problem med å stille mannskap til denne kampen, men gjestene kom med 14 mann som var klare til kamp, FK Vang hadde kun 3 stk som får godkjent. 

Brumunddal 2 startar kampen bra og unggutane viser muskler, dei får eit frispark etter ca 10 minutt 25 meter frå vårt mål. Frisparket råkar hånda på ein FK Vang spelar og forandrar rettning og går i mål.
Etter ca. halvtimen er det 0-2 til gjestene, me gjer dei gåvepakker i vårt forsvar.
FK Vang melder seg på kampen igjen når Erik Martinsen speler fram Simen Strandbråten som i kamp med to Brumunddøler kjem fri og scorar eit flott mål. 35 minutt står det nå på klokka.
Like før pause får Brumunddal 2 frispark frå si høgreside, ballen blir slått inn i feltet og gjestene krigar inn både ballen og vår keeper i situasjonen som oppstår. Dommaren godkjenner målet og det står 1-3 til pause.

Heimelaget må opp i situasjonane, dette er fokus i pausa men nei.
To minutt ut i andre omgang rotar me det til og slepp dei ned på høgresida, innlegget går via ein av våre og inn i mål.
Vertene raknar totalt etter dette og spelar årets værste 15 minutt då fire mål i mot kjem på rekke og rad.
Simen Strandbråten blir sett ned på midtbanen og stoppar målfesten frå gjestene, det er utruleg kva ein mann som jobbar kan utrette for eit lag.
1-9 kjem 3 minutt før slutt då Brumunddal får straffe. 

Det må seiast at FK Vang mangla mange spelara i dag og skryt til dei med få treningstimar som stiller opp for klubben.
Kristoffer Kvien blir kåra til FK Vang sin nest beste, Kristoffer har berre ei trening i år og gjer ein formidabel innsats.
Simen Starndbråten får bestemannsprisen, han jobbar og viser kva som må til på sentral midtbane når han inntek den rolla.
Nybakt far Kim Bøland får også godkjent i dag.

Laget: Jarle, Håvard, Kristoffer, Thomas, Henning, Sverre, Kim K, Robert, Kim B, Olav, Simen, Erik, Audun og Vegard K., alle med speletid.  
 

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »