Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

FK Vang -Vind: 0-5 (0-3)

PUBLISERT 3. juli 2015

Tveit stadion kunstgras fredag 3 juli kl. 19.30
Dommar: Arnfinn Botten
Assistentar: Vedbjørn Engli og Svenn Olav Fossholt
Speaker: Kjell Magne Kvale
Publikum: ca. 45 stk.

FK Vang blir ydmyka av juniorane på Vind dei fyrste 45 minutta på heimebane. Heimelaget heng ikkje med på god bevegelse og bra balltempo hos dei unge gjestene frå Gjøvik.
Pausepraten gjer godt! FK Vang er det beste laget etter pause, men mål nei, det blir det ikkje.

Vind er som sagt klart best før pause og scorer 3 mål på 6 sjanser i medvinden på Tveit.
Scoringane kjem i det 7, 19, 44. minutt. Målet rett før pause er eit fantastisk langskudd som går nesten i vinkelen.
FK Vang spelar kanskje sin dårlegaste omgang så langt i år, dei unge Vindspelarane får nesten gjera kva dei vil. Presset på ballførar er fraverende og vi har situasjoner der dei unge gjestene forserar ein 2-3 mann utan problem. Om heimelaget vinn ballen missar dei på neste passningen.

Pausepraten gjer godt!
Heimelaget er meir på og medvinden er også kanskje medvirkande. FK Vang har 4 store sjanser, men klarer ikkje å få ballen over streken.
Vind har ei stor sjanse som dei ikkje scorar på.
Pussig nok scorar Vind 2 mål også i andre omgang utan at dei skapar sjansene, for det ordnar vi. Versegod, her er ballen og der er nettet.

3 mann debuterer i sesongen i dag, ringreven Kai Arne Kvale klarer seg godt utan så alt for mange treningstimar. Åsmund Ekerbakke Stende har nokre treningar og stiller opp med bra innsats. Frank Skoglund, fjorårets spelar i FK Vang er heldigvis tilbake etter skade og klar for haustsesongen.

Laget: Jarle, Håvard, Øyvind, Kai Arne S, Henning, Erik, Anders, Kim B, Eirik, Kim K, Ole Eirik, Frank, Kai Arne K, Åsmund, Dardan og Samuel(alle med speletid)

Dagens mann vart Kim Kveno med Anders Skrebergene like bak, Øyvind og Henning delte tredjeplassen. Samuel var også god den omgangen han spelte.  

FK Vang tek treningsfri i 14 dager, men er på igjen måndag 20 juli kl. 19.30.
Norditest står på programmet før haustsesongen starter opp igjen. 


 

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »