Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13. desember 2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang.
Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis.
Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig.
Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div.
Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Øyvind Kjøs Egge fekk andreplassen i kåringa om årets spelar og Kim Bøland fekk siste pallplassen.

Vegard Kjøs Egge fekk toppscorarpokalen for sesongen 2015.

Samme Vegard fekk også assiskongeprisen, denne måtte han dele med 5 andre som alle hadde 2 assistar. Sammy, Sverre, Erik M, Kim K og Thomas.

Ny pris av året var Årets forbilde, denne fekk Øyvind Kjøs Egge som fekk med seg 18 seriekampar, hadde god egentrening, bra resultat på Nordlitesten og er ein som gjer alt for laget.

Dommarsønnen Thomas Hilmen fekk "Råtassprisen" med sitt eine raude og sine to gule kort.

Olav Ulven fekk prisen for årets mål, utligninga til 3-3 på overtid heime mot Søndre Land.
Målet var meget fint, langlobb frå 25 meter rett i bakre kryss. Kim Kveno var hakk i hel med si redusering mot Nodre Land på Tveit.

FK Vang hadde fotballfesten på Hytta Mat og Vinhus i går kveld, god mat og god drikke.
Trenaren fekk ein stor og fin blomst samt gåvekort frå Intersport frå spelarane. Trur det må væra eit hint om eigentrening også til trenaren som har gått opp nokre vektklasser.
 
Tusen takk til alle som stilte opp, vi vart 17 stk. Vi hadde ein fin kveld med Quiz, premiering, god mat og drikke samt mange gode tilbakeblikk på årets sesong.     

 

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »

FK Vang - Gran: 1-6 (1- 4)

PUBLISERT 03.10.2015

Tveit stadion kunstgras laurdag 3 oktober kl. 15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Vidar Eltun. Publikum: ca 30 stk. FK Vang sitt møte med serielederen Gran viser nivåforskjellen i årets 4. divisjon. Fire lag har kjempet i toppen og Gran ser ut til å rykke opp om dei vinn siste kampen heime mot Søndre Land neste helg. Heimelaget scora det fyrste målet i dagens kamp og hadde ledelsen til det sto 37 minutt av fyrste omgangen.

Les meir »