Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Søndre Land: 3-3 (1-1)

PUBLISERT 7. august 2015

Tveit stadion kunstgras 7 august kl. 19.00
Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal
Assistentar: Svenn Olav Fossholt og Knut Sørhusbakken
Speaker: Vidar Eltun
Publikum: ca 30 stk.

Spennande kamp på Tveit i kveld, der heimelaget scora i kampens aller siste sekund og sikra seg 1 poeng. Det var på ingen måte ufortjent når Olav Ulven skaut frå ca 30 meter, ballen gjekk i ein fin boge i lengste hjørna over ein utspelt Land keeper.

FK Vang hadde mange forfall igjen, sjukdom og skader førte til at vertane kun hadde med halve laget som stilte mot Toten forrige helg. Kai Arne Kvale og Olav Ulven stilte opp, begge er i god form og begge scora mål. Erik Dalåker var sjuk, men stilte opp allikevel og spelte nesten heile kampen. 

Nye tribuner vart opna av ordførar Vidar Eltun, Kai Rune Hemsing, Marianne Berge og Kjell Nilsen fekk kake og sjampis i pausa for god innsats. FK Vang sitt A-lag fekk skryt for dugnadsinnsatsen med monteringa. (ordføraren var også med på dugnad)

Kampen var jamnspelt og det vart ikkje skapt så mange sjanser fyrste halvtimen. Søndre land hadde nokre cornera, men klarte ikkje og få noko serleg ut av dei.
Heimelaget scora det fyrste målet i kveldens oppgjer, Sverre Melby scora sikkert då han vart gjennomspelt av Kai Arne Kvale. Målet kom 10 minutt før pause. Gjestene utligna to minutt seinar og laga var like langt, låg sol må ta mykje av sulda for dette målet.
Kasper Kjeldsen måtte dessverre ut med skade denne omgangen, håper han er klar igjen raskt.

FK Vang var veldig klare for ein seier igjen, i pausa var dette fokus nr. 1.  
Andre omgangen starta bra, heimelaget var på høgget og Thomas Hilmen har passningen då Kai Arne Kvale scorar sikkert til høgre for keeper. Heimelaget er i føringa, Søndre Land har ballen ein del men skaper ikkje det heilt store. 25 minutt er gått då Søndre utlignar på eit bra langskudd frå ca 25 meter. Kampen har kun 5 minutt igjen då den evigunge 68 modellen på Søndre Land, Per Tore Lundberg får pannebrasken på eit innlegg og sett den på venstre sida for vår keeper Dardan. Bortelaget i leiing for fyrste gong i matchen.
Heimelaget ville ikkje gje seg og heldigvis scora Olav Ulven det omtala 3-3 målet i siste sekund av kampen, 5 minutt på overtid.
Eg brukar ikkje å skrive om dommarane, men Kristoffer Nitter Leirdal er ein meget god dommar med humor og han har full kontroll med sine assistentar i ei jamn batalje.

Laget: Dardan, Kai Arne S, Kasper, Thomas, Vegard E, Sverre, Kim B, Anders, Kr Kvale, Kim K, Eirik, Erik D, Kai Arne K, Håvard og Olav alle med speletid.  
 
Kim Bøland vart kåra til FK Vang sin beste i dag, han hadde mykje energi, skulle nesten ikkje tru han var nygift(forrige helg). Thomas Hlmen kom på ein hederlig andre plass og hadde sin beste kamp i Vangstrøya så langt. Anders Skrebergene og Kim Kveno delte tredjeplassen. God innsats av heile gjengen var det og fortjent poeng.

Treningar i veka som kjem: måndag og fredag kl. 19.30. Møt opp! 

     

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »