Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
 

FK Vang - Nordre Land:: 2-5 (0-3)

PUBLISERT 18. september 2015

Tveit stadion kunstgras, fredag 18. september kl. 19.30
Dommar: Jan Ole Skinnehaugen
Assistentar: Nils Arne Solberg og Endre Fremstad
Speaker: Kjell Magne Kvale 
Publikum: ca 25 stk.

Nordre Land var gode fyrste omgangen mot eit heller tafatt heimelag.
Når 5 minutt var spelt av andre omgangen låg vertene under med heile 5 mål, og det såg mørkt ut. 
FK Vang heva seg kraftig etter dette og var det beste laget resten av kampen. 

Nordre Land hadde stor bevegelse i laget og fekk for store rom i fleire situasjoner dei fyrste 45 minutta. Dette førte også til ekte hat-trick for gjestenes gode avsluttar Leon Lynard, der måla kom etter 13, 23 og 38. minutt.
FK Vang var for dårlige i presset denne omgangen og gav bort for store rom.
Når det er sagt scora Nordre Land på halvparten av sjansene dei hadde, FK Vang på si side hadde 3 sjanser og 3 cornera denne omgangen utan uttelling.

Bedre i presset og ikkje pussletaklingar var fokuset i pausa.
Oppskrifta vart bra den, men ikkje i starten av 2. omgang.
Nordre Land fekk corner etter 3. minutt, ballen vart skrudd direkte i mål etter att vår keeper vart pakka inn. To minutt etter dette kom scoring nr. 2, men så var det slutt for gjestene som ikkje skapte særleg meir resten av kampen.
FK Vang fungerte mykje bedre og spelte seg til fleire småsjanser, me var mykje bedre i presset og gjestene gjorde feil som førte til at spelarane våre vant ballen høgt oppe i banen.
Kveldens finaste mål kom på årets flottaste scoring så langt for FK Vang i det 73. minutt.
Erik Martinsen blir spelt på feilvendt, han flikkar ballen tilside over midtstopparen til N. Land. Kim Kveno kjem på djupt løp og er fri mot N. Land sin tidlegare tippeligakeeper som blir lurt av den godeste Kim, stor prestasjon og nydeleg scoring.
FK Vang har fleire tilløp, men lykkast ikkje før det står att 4 minutt på kampuret. Frank Skoglund scorar etter klabb og babb etter ein corner, Vegard Kjøs Egge får assisten på denne.
Synd hemelaget ikkje er med i fyrste del av kampen, FK Vang med meir treningstimar samla kunne fort ha hevda seg i 4. divisjon i år.

Laget: Jarle, Håvard, Thomas, Frank, Tore, Sverre, Kim B, Øyvind, Vegard K E, Kim K, Erik, Kai Arne S, Kai Arne K og Henning.

Kim Kveno vart kåra til FK Vang sin beste i kveld, Kim er teknikkeren i laget og beviste dette med scoringa si i kveld. Slitaren Øyvind Kjøs Egge tek andre plassen i kveld mens fire stk deler siste pallplassen: Frank Skoglund, Jarle Haugrud, Thomas Hilmen og Kim Bøland.

Tre kampar igjen i årets serie, viktig att alle prioriterer desse.
Trening måndag kl. 19.30 på Tveit. Møt opp!!    
 

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »