Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
 

FK Vang - Lunner: 2-1 (1-1)

PUBLISERT 5. september 2015

Tveit stadion kunstgras, laurdag 5 september kl. 15.00
Dommar: Arnfinn Botten.
Assistentar: Christian Falbach og Svenn Olav Fossholt
Speaker: Vidar Eltun
Publikum: Ca 30 stk.

Seier i ein spennande kamp på Tveit i dag, seieren var fortjent med tanke på sjansene begge laga skapte i kampen.
Vertene hadde god kontroll etter 2-1 scoringa, men me fekk ein spelar utvist når det sto att ca. 20 minutt. Lunner pressa då naturlevis på, men klarte ikkje å skapa det heilt store.
Lettelse og god følelse med 3 nye poeng og tabellposisjon rett under streken.

Kampen starta bra for FK Vang, spelarane var på frå første minutt. Erik Martinsen Dalåker scorar heimelaget sitt fyrste mål etter 16 minutt. Sverre Melby har assisten som gjer att Erik har fri bane og klinkar ballen tilside for Lunner sin keeper. 
FK Vang har fleire sjanser som ikkje gjer uttelling, og blir vel snytt for eit klart straffespark der Erik blir felt innanfor 16 meteren.
Lunner har også nokre tilløp, utover i omgangen spelar gjestene seg meir inn i kampen og utlignar fortjent når 10 minutt gjennstår. Alt i alt ein ok omgang av heimelaget, men meget viktig å koma godt igang når dommaren bles igang for dei siste 45 minutta.
FK Vang kjem godt igang og styrer kampen etter pause. Etter 17 minutt av omgangen kjem ei fortjent scoring til heimelaget, Samuel Girmay Tekle set ballen elegant i mål etter framspelet frå Thomas Hilmen. FK Vang er det klart beste laget og har god kontroll på kampen så langt.
Lunner skapar ingen ting før gjennomspelet som fører til at Thomas Hilmen får direkte raudt kort etter taklinga av både mann og ball som bakerste mann. Situasjonen skjer utanfor sekstenmeteren, frisparket blir ingen trussel, men FK Vang er redusert til 10 mann.
Dette fører til at Lunner får eit vist overtak dei siste 20 minutta, men keeper Jarle og god deffensiv jobb av heimelaget, ordner opp i situasjonene som oppstår. Sverre Melby har også ei stor sjanse åleine mot keeper denne perioda, der Lunner sin keeper dreg det lengste strået.

FK Vang er stolte og glade for ein ny trepoenger i garderoba etter kampen, stor prestasjon mot eit lag som i forrige runde vant 2-1 mot serieleder Løten.
Både avisa Oppland og Hadeland var på etter kampen, skuffande lita interesse frå lokalavisa som tilsynelatende trives best i leikegrinda si på Fagernes.  

Laget: Jarle, Kai Arne S, Frank, Kasper, Tore, Sverre, Kim B, Øyvind, Vegard K E, Samuel, Erik, Håvard, Thomas, Kim K, Eirik og Vegard E. Alle med speletid.

Jarle Haugrud vart kåra til FK Vang sin beste i dag, Jarle er uredd og ein bauta i målet.
Kim Bøland og Samuel Girmay Tekle kjem på delt andreplass og Vegard Kjøs Egge inntek tredje nivået på podiet denne kampen.
God innsats av heile laget, der alle får speletid.
Viktig å ta med seg att alle spelarane er like viktige for laget sjølv om nokre av dei i dag får kun minutter på slutten av kampen.

Trening i veka som kjem: Måndag kl. 19.30 på Tveit. Møt opp! 


 

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »