Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Dokka SK: 1-1 (1-0)

PUBLISERT 21. august 2015

Tveit stadion kunstgras fredag 21 august kl. 19.00
Dommar: Knut Storvik
Assistentar: Dag Englund og Knut Anders Saglien
Publikum: ca 35 stk

Poengdeling i ein kamp der FK Vang var best frå start til slutt. Det kan vel kalles eit stort ran at Dokka får med seg poeng i kveldens oppgjer på Tveit.
Dommarane vart uheldigvis i fokus og aller mest på corneren som Dokka fekk sitt mål på like før slutt. Assistenten overprøvde ein godt plassert dommar som fyrst dømde utspel frå vårt mål.

Heimelaget var gode i kveld og skapte mange store sjanser, men klarte ikkje å få inn meir enn eit mål på 10 rimelig store sjanser. FK Vang hadde også 12 cornera, Øyvind Kjøs Egge var veldig nære nettkjenning på ein av desse, men ballen gjekk i krysset og ned på streken.
Fyrste omgangen var den beste frå FK Vang, men det gjekk 38 minutt før målet kom. Vegard Kjøs Egge er målscoraren, men Erik Martinsen har raidet og avsluttninga som det blir retur på og som Sverre Melby flikkar vidare til målscoraren. To minutt etter scoringa kjem Kasper Kjeldsen fri på ein corner og får til ei bra hedding på mål, ein Dokkaspelar reddar på streken.
Det er også ein straffesituasjon litt seinar der Sverre Melby blir felt av Dokka sin keeper.  
Som sagt bra kontroll på kampen for heimelaget, etter å ha skapt så mykje dei fyrste 45 minutta. Gjestelaget har berre eit par tilløp i omgangen og er ikkje til å kjenne att i frå vårkampen.

Andre omgang og nye muligheter for heimlaget, men ballen vil ikkje inn. Største sjansa er den nemte heddinga til Øyvind Kjøs Egge, men vi har også andre meget store sjanser. Dokka får si fyrste sjanse denne omgangen av dommarane, som dømmer inndirekte frispark mot vår keeper som assistenten meiner er utanfor 16 meternen på eit utspark. Avsluttninga går heldigvis i muren og blir avklara. 
Erik Martinsen Dalåker blir også direkte feil offside dømt då han på vår venstreside blir spelt gjennom og har fri bane mot mål. 
Alt i alt litt for mykje som også går mot oss denne omgangen og som fører til at ein vanligvis sindig og rolig FK Vang trenar blir oppheta.
Når då målet til Dokka kjem på ein ny diskutabel situasjon like før slutt renner det nesten over. 

Laget: Jarle, Henning, Kasper, Thomas, Vegard E, Sverre, Øyvind, Kai Arne S, Vegard K E, Samuel, Erik, Eirik, Frank, Dardan, Olav, Gunnar og Kai Arne K. 

FK Vang manglet mange sentrale på laget til denne kampen, men dei som kom inn gjorde ein fantastisk jobb. Fire spelara i troppen fekk dessverre ikkje speletid i kveld, men får muligheit seinar med oppmøte på trening framover.
Øyvind Kjøs Egge vart kåra til FK Vang sin beste, Øyvind var ein bauta på midtbanen og blir nok å sjå der også framover.
Thomas Hilmen kjem på andre plass og Vegard Kjøs Egge tek tredjeplassen i kåringa. 

Trening i veka som kjem: Måndag kl. 19.30.
Viktig med oppmøte, det blir kamp om plassane i troppen framover. 

    



 

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »