Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

Dokka SK - FK Vang: 5-0 (2-0)

PUBLISERT 15. mai 2015

Dokka stadion fredag 15 mai kl. 19.00
Dommar: Sondre Sørensen Kielland.
Assistentar: Runar Brennerengen og Nils Rørli.
Publikum: ca 50 stk.

To mål i slutten av fyrste omgangen får kampen inn i Dokka sitt spor og gjestene frå Valdres er ikkje i stand til å snu oppgjeret som til slutt ender med 5-0.
FK Vang startar kampen bra og er det beste laget dei fyrste 20 minutta, 3 cornera og 2 sjanser er notert på gjestene denne perioda, etter dette tek Dokka meir og meir over og scorar 2 mål, eit i det 43. minutt og det neste like før pause.
Nummer 10 og kaptein på Dokka er ein god spelar og er nesten eit angrep åleine med sin fysikk og teknikk, han drar med seg resten av laget. 
Dokka har fire store sjanser dei fyrste 45 og scorar på 2 av dei.

Andre omgangen blir dårlig frå gjestene, Dokka får straffe etter kun 2 minutt, Jarle reddar straffa med føtene og returen med hodet og held oss inne.
Det siste kvarteret av kampen kjem det 3 nye i sekken for gjestene.
FK Vang må skjerpe seg både offensivt og deffensivt, 4 og ein 1/2  time utan scoring fortel sitt.

Laget: Jarle, Kasper, Øyvind, Kai Arne S, Thomas, Kim K, Kim B, Anders, Sverre, Samuel og Vegard K, Henning, Håvard, Ole Eirik, Gunnar, Bjørnar, Eirik og Dardan, alle benytta.

Jarl Haugrud og Samuel Girmay Tekle vart kåra til FK Vang sine beste i kveld, Jarle får bilde på nettsida denne veka.
Kim Bøland og Øyvind Kjøs Egge deler tredjeplassen.

Trening kl 19.30 mandag. 

 
 

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »