Håvard Frøyen1 mål i 2024
Adrian Kvale1 mål i 2024
Audun Garvik1 mål i 2024
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Slidre/Røn: 1-1 (0-0)

PUBLISERT 8. mai 2024

Tveit stadion kunstgras onsdag 8. mai kl.20.00.
Dommar: Frank Evertsen
Speaker: Vidar Eltun
Kampvert: Kai Rune Hemsing
Publikum: ca 80 stk.

Det var spenning og inntenst heilt til siste slutt når naboklubben kom på besøk i kveld. Begge laga har mykje nytt og ungt i troppane sine og det er heilt på sin plass og bra for framtida. Adrian Kvale vart kåra til FK vang sin beste spelar med god margin i kveld, han var hårstrået ifrå å bli matchvinnar like for slutt.

Kampen starta veldig nervøst og usikkert frå begge lag. Det var mykje dårlige mottak og passningar. Det er notert 1 corner til begge lag før pause og remi sjansestatistikk med 2 sjanser til begge lag. Espen Fossum vart dessverre skada tidleg og måtte ut med ein liten vridning i kneet, han fekk nesten ikkje vist seg fram for sitt nye heimepublikum før det var stopp.
Midt i omgangen blir Adrian Kvale spelt igjennom av Ole Eirik Syversen, Adrian scorar sikkert, men dommaren bles for ein meget tvilsom offside desverre. 
I pausa vil eg tru begge laga hadde litt å prate om, FK Vang var ikkje tilfreds med det me hadde prestert så langt. Det var ein nedtur i forhold til prestasjonen laget hadde i Bagn med tanke på ballbehandlinga.

Andre omgangen starta vel heller ikkje så bra for heimelaget, Vinjar Skogheim blir spelt gjennom på høgresida og set ballen utagbart tilside for vår gode keeper Haakon Wahlquist.
Det er ikkje den futten i heimelaget som er forventa men den kjem seg heldigvis utover i omgangen. FK Vang skaper fleire store sjanser, men scoringa kjem ikkje før i det 78. minutt.
Adrian Kvale scorar sitt fyrste mål for klubben og passningen får han frå Ole Eirik Syversen. Heimelaget pressar på etter dette og hadde vel fortjent seiersmålet i sluttminutta, også i forhold til sjansestatistikken i andre omgang.
Unggutane får som sagt sjansen på begge lag og dei er bra alle som en.
Vebjørn Høyme Havro får sin fyrste opptreden for A-laget til FK Vang, han presterer bra og får ein fin deby.

Takk til eit stort publikum som møter opp, takk også til kiosken og loddsalg og god stemning på heile hurven!

Laget: Haakon, Sander, Markus, Sebastian, Olav, Tobias L P, Kim, Kasper, Adrian, Espen, Audun, Ole Eirik, Hallgrim, Vebjørn, Kabid og Kjell Magne.

Adrian Kvale vant stjernekåringa med god margin og får fortjent bilde på nettsia fram til neste kamp. Kasper Kjeldsen og Markus Kjensrud deler andreplassen i kåringa og Haakon Wahlquist tek bronseplassen i stemmegjevinga.

Heile 5 stk. i alderen 15 til 17 år i troppen som alle gjer ein god opptreden, dette gleder meg stort og lover godt.

Neste kamp er på Blåbærmyra mandag 20. mai kl. 14.45.
     
 
 
  

Bagn - FK Vang: 0-2 (0-1)

PUBLISERT 01.05.2024

Seriestart på Fossevang stadion i Bagn 1. mai kl. 15.00. Dommer: Morten Huset. Speaker: Ja. Publikum: ca 50 stk. FK Vang var best fra start til slutt i vårvarmen som virkelig slo til i dag. Gjestene hadde 10 store sjanser og også mest cornere i dagens kamp. Spillet satt rimelig bra til å være seriestart og lover godt for resten av sesongen. Håvard Frøyen ble dagens mann i FK Vang, både han og laget jobbet som helter i 95 minutter.

Les meir »

Sander Eltun

PUBLISERT 19.04.2024

Sander Eltun gjer comeback for klubben. Meget bra at Eltun junior er med igjen, 24 åringen er utdanna regneskapsførar og har fått jobb i Vang. Sander har bosted på Mjøsvang med sin samboer Grethe. Både far og mor og bror har lagt ned mange dugnadstimer i FK Vang! Far er også fast speaker på A-lagskampane og har vore ordførar i Vang i ei årrekke. Sander har Lillestrøm og Liverpool som favoritter, lurer på kva faren og broren kan ha truga med?

Les meir »

Espen Fossum

PUBLISERT 16.04.2024

FK Vang ønsker Espen velkommen til klubben. Mr. Fossum er 26 år og jobber som HR-leder. Han er samboer med Ada Sofie og Tyin Filefjell/Asker er bosted. Espen har prøvd seg i 2. div, og har spilt for Frisk Asker, Holmen, Bæum, Heggedal og Godset. Favorittposisjon er offensiv midtbane. Hans råd til unge spillere er "Det skal alltid være gøy å spille fotball"

Les meir »

Ole Eirik Syversen

PUBLISERT 08.04.2024

Ole Eirik er med FK Vang igjen! Rørlegger Syversen hadde mange sesongar i FK Vang og var med oss fram til og med sesongen 2015. Han melde då overgang til Valdres FK og har vel nesten ikkje spelt fotball etter den tid. Gledelig å sjå han på trening igjen for oss i vinter, og mykje er på plass allerede for spissen med stor målteft.

Les meir »