Kasper Kjeldsen10 mål i 2019
Vegard Kjøs Egge7 mål i 2019
Vemund Syversrud7 mål i 2019
Ingen mål registrert
 

Slidre/Røn - FK Vang: 2-1 (1-1)

PUBLISERT 7. juni 2019

Røn stadion fredag 6. juni kl.19.00.
Dommar: Morten Huset, Aurdal Leira.
Publikum: ca 60 stk.

Heimelaget drog det lengste strået i kveld i ein kamp som absolutt kunne gått begge veger. FK Vang blir med på langpassningane på ei blaut grasmatte, fysikken står til godkjent pluss for det tildels unge FK Vang laget. Mange av sjansene våre er store, men me har problem med å omseta dei i nettet. Slidre/Røn sitt vinnarmål er ikkje ei sjanse, men målet teller like mykje for det. Åsmund Bakkene utlignar når det gått åtte minutt av andre omgangen, men fleire mål maktar me ikkje å score i kveld. Gutta står på og synte både meg og seg sjølv nivået dei må væra på. 

Viktig med seier for begge lag i kveld, og jamnt som alltid når me møter naboane i sør.
Fire siste seriekamper, 1 seier til begge lag og 2 uavgjort seier sitt.

FK Vang kom bra igang i kveld, men klarte ikkje å score. Slidre/Røn scora kampens fyrste mål i det 20. minutt etter eit frispark og hedding mot bakre og i mål. FK Vang hadde si beste periode i omgangen etter denne scoringa, men skuddet til Vegard i tverrliggar og sjansene/skudda til Åsmund og Jan Magne lykkast ikkje å få i mål.

Pausepraten var positiv, laget presterte bra i slutten av fyrste og drog dette med seg til andre omgangen.
Etter 53 minutt kjem utligninga, Jan Magne Almenning har assiten til Åsmund Bakkene som scorar sikkert til venstre for keeper.
Gjestene har fleire gode tilløp, men dei blir enten avklara eller meget tvilsomt dømt offside på. Slidre/Røn på si side har også ein i tverrliggar denne perioda og fleire cornerar som me avklarar godt. Kampen bølger denne perioda, men eg har ein god følelse på at her vil me få fleire mål.
Dette slår desverre feil, det blir heimelaget som får scoringa etter 30. minutt som blir matchavgjørende i kveldens kamp. Scoringa er ikkje ei sjanse, men vår keeper er uheldig og sklir på det glatte underlaget.
FK Vang prøver og prøver siste kvarteret, men lykkast ikkje mot eit heimelag som brukar tid på det meste.

Laget: Rokas, Håvard, Ola, Øyvind, Marcus, Vegard, Kasper, Kim, Eivind, Åsmund, Jan Magne, Tobias og Olav.

Dagens mann på FK Vang vart målscorar Åsmund Bakkene med god margin. Andreplassen vart delt av Øyvind og Ola og tredjeplassen vart trippel med Kasper; Vegard og Jan Magne.
Laget fungerte rimelig bra i kveld, men er bedre når me får spelt småspelet vårt.

  
FK Vang har fortsatt 23-8 i målscore og er nummer to på tabellen, to fredagskampar til nå så er det ferie.
Trening i veka som kjem på Tveit kl. 19.30 på tirsdag, treninga blir på både gras og kunstgras.


 

FK Vang - Follebu: 0-2 (0-1)

PUBLISERT 02.02.2020

Vinterserien 2020. Valdres Storhall søndag 2.februar kl.12.00. Dommar: Morten Huset. Publikum: ca.30 stk. Alt i alt en god start for FK Vang på stor bane denne sesongen. Follebu som var motstander denne kampen er divisjonen over og bør vinne. FK Vang sine keepere sto hver sin omgang og klarte seg begge meget bra. Sisteskansen til Follebu var fantastisk i flere situasjoner og var nok banens klart beste spiller i dag. Follebu var best før pause og FK Vang var best etter, FK Vang spillerene kan være godt tilfreds med prestasjonen. Det var bra tempo i kampen fra start til slutt, Øyvind, Steffen og Trym som alle er nye i år hadde alle gode innhopp.

Les meir »

Beitostølen Cup

PUBLISERT 18.01.2020

Beitostølen helsesportsenter 17-19 januar 2020. FK Vang er videre etter innledende kamper fredag 17 januar. Gode prestasjoner og FK Vang blir gruppevinner i en gruppe med sterke lag, Valdres FK 1, Dokka SK, Slidre/Røn og Øystre Slidre/Rogne var motstandere. Nr. 1: FK Vang, 9 poeng 6 pluss mål. Nr. 2, Valdres FK 1, 9 poeng 5 plussmål, Nr 3: Dokka SK, 9 poeng og 4 plussmål. Nr. 4: Slidre/Røn 1, 3 poeng og Øystre Slidre/Rogne endte sist i gruppen.

Les meir »

Sesongen 2020

PUBLISERT 09.01.2020

FK Vang A-lag er igang med treninger på nyåret 2020. Vi trener i Valdres Storhall tirsdager kl. 18.45 - 20.15. Om det er nye eller tidligere spillere som ønsker å spille fotball med FK Vang, ta kontakt med Ola Rogn Tveit Tlf.: 99544427 eller e-post: olarogn.tveit@delaval.com

Les meir »

Fotballavsluttning 2019

PUBLISERT 09.11.2019

Karlas bowling på Fagernes laurdag 9. november. Kvelden starta med bowling, Kasper var uslåelig og vant med sluttsummen 154 poeng. Pizza og brus sto på menyen, klubben spanderte dette til serievinnaren som fekk som fortjent. Ola Hilmen Hovi vart kåra til årets spelar, Ola stiller opp og har ikkje forfall til kampar denne sesongen, slå den!!

Les meir »