Kasper Kjeldsen10 mål i 2019
Vegard Kjøs Egge7 mål i 2019
Vemund Syversrud7 mål i 2019
 

FK Vang - Slidre/Røn: 1-1 (0-1)

PUBLISERT 30. august 2019

Tveit stadion kunstgras fredag 30.08.2019 kl. 19.00.
Dommar: Vidar Hilmen.
Assistentar: Nils Arne Solberg og Kolstadløkken.
Speaker: Ordfører Vidar Eltun.
Publikum: Full tribune ++, ca. 150 stk.

Nabooppgjer er nabooppgjer og alltid spenning i frå start til slutt, sjølv om FK Vang var det beste laget i kveld. Omtrent som forrige kamp pressa heimelaget og skapte sjanser men makta ikkje å score. Gjestene derimot scora på sin fyrste corner, ballen vart dømt inn av linjemannen då han meinte den var litt over streken før den vart avklara. Heimelaget pressa på, men dødballmålet ved Åsmund Bakkene kom fyrst 72 minutt ut i kampen. 1-1 og poengdeling føles litt som tap, Slidre/Røn brukte tid på det meste på slutten og FK Vang avslutta stort sett over og til side for mål.   
 
Flott med så mange tilskuera, trur det er 150 stk på 6. divisjons kampen i kveld. Moro med flomlyskamp og spenninga som er der heile kampen.
I fyrste omgangen har heimelaget 7 gode sjanser, men missar blandt anna åleine mot ein god Slidre/Røn keeper. Slidre/Røn har 5 cornerar, scoringa og ei stor dobbelsjanse. Å ligge under til pause føles heilt feil, men FK Vang har ein meget god følelse for det som skal koma.

Andre omgangen startar med stillingskrig og det skjer ikkje så mykje. Det er balltap og litt nervøst frå begge lag, men FK Vang styrer og utligninga ligg i lufta. Det går over halve omgangen før scoringa kjem. FK Vang får frispark frå ca. 18 meter, Åsmund Bakkene avsluttar nydelig på utsida av ein feilplassert Slidre/Røn mur og rett i mål.
FK Vang pressar på og har fleire store sjanser, avsluttningane er ikkje bra nok og bør trenast på i veka som kjem. Eit pressa Slidre/Røn bruker tid på slutten som seg hør og bør, og er nok veldig tilfreds med poenget dei får i kveld.  
Takk til alle som tek turen til Tveit stadion, håpar begge lag klarte og gje litt tilbake!

Laget: Knut Ole, Håvard, Ola, Marcus, Lasse, Jan Magne, Kim, Kasper, Eivind, Åsmund, Anders, Olav, Tobias, Haakon og Rokas

Dagens menn vart: Håvard Frøyen og Åsmund Bakkene, Håvard får bilde på nettsia, han er berre 15 år og har ein meget god kamp på sin backplass. Åsmund er noko eldre men har ein teknikk som overgår alle på banen og utligninga er meget viktig.
Ola Hilman Hovi kjem på sølvplass og Kasper Kjeldsen får siste pallplass.

Trening i veka som kjem blir kl. 19.00 på tirsdag         

   

Fotballavsluttning 2019

PUBLISERT 09.11.2019

Karlas bowling på Fagernes laurdag 9. november. Kvelden starta med bowling, Kasper var uslåelig og vant med sluttsummen 154 poeng. Pizza og brus sto på menyen, klubben spanderte dette til serievinnaren som fekk som fortjent. Ola Hilmen Hovi vart kåra til årets spelar, Ola stiller opp og har ikkje forfall til kampar denne sesongen, slå den!!

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-0 (0-0)

PUBLISERT 19.10.2019

Tveit stadion kunstgras laurdag 19.oktober kl. 15.00. Dommar: Tommy Frydenlund, Gjøvik Lyn. Assistentar: Svenn Ola Fossholt og Ragnhild Flugstad Øistuen. Speaker: Nei. Publikum: 30 stk. Dombås startet KM sluttspillet med å slå Brøttum 6-0, FK Vang møtte Brøttum i kamp 2 og fekk 7-2 på pukkelen. Dombås var derfor klare favoritter i dagens kamp, men FK Vang ville det anderledes. Topp innsats og bra press i 90 minutt av heimelaget gav oss fortjent seier i årets siste kamp. Femtenåringen Håvard Frøyen var gutten som scora kampens einaste mål, og målet kom etter retur fra keeper på eit frispark.

Les meir »

Brøttum - FK Vang: 7-2 (3-1)

PUBLISERT 12.10.2019

Tømmermyra stadion lørdag 12.10.2019 kl.15.00. Dommer: Terje Nordfjærn, Otta il. Assistenter: Roar Steinslien, Gausdal FK og Kjartan Mørk Enehaug, Bønes il. Speaker: Ja. Publikum: 50 stk. FK Vang var på langtur til Hedemark fylke og Brøttum i dag, desverre så manglet vi mange sentrale i dag og det bar laget preg av. FK Vang presterte ikke akkurat over evne og slo mye langt på en salrygga, glatt og ujamn grasbane. Heimelaget behersket både underlaget og spillet bedre og vant fortjent.

Les meir »

Dokka SK 2 - FK Vang: 2-0 (2-0)

PUBLISERT 29.09.2019

Dokka stadion lørdag 29.09 kl.15.00. Dommar: Arvid Holmlund. Speaker: Ja. Publikum: 30 stk. FK Vang reiste til Dokka med kun 12 mann til denne kampen som var uten betydning for oss. Tapet førte Dokka SK 2 opp på andre plass, Slidre/Røn havnet dermed på tredjeplass i avdelinga. Lagene hadde hver sin omgang, men gjestene maktet ikke å score selv om antallet sjanser var mange. Dommaren kom litt i fokus etter kun 2 minutt, då han fekk problem med sitt eine kne. Kampen vart dømt frå midtsirkelen etter dette og det gjekk rimeleg greit.

Les meir »