Kasper Kjeldsen10 mål i 2019
Vegard Kjøs Egge7 mål i 2019
Vemund Syversrud7 mål i 2019
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Slidre/Røn: 1-0 (0-0)

PUBLISERT 3. mai 2019

Tveit stadion kunstgras 3.mai 2019 kl.19.00.
Dommar: Markus Rotvold Hammarstrøm, Nordre Land.
Speaker: Vidar Eltun.
Publikum: ca 100 stk.

Seriestart og fortjent seier til FK Vang, heimelaget var meget gode i 70 minutt av kampen. Seiersmålet kom etter 71 minutt, Vemund Syversrud har passningen frå vår venstreside til Vegard Kjøs Egge som scorar nydeleg frå ca 16 meter.
Moro at nabooppgjeret dreg så mange på kamp, storvegs å ha eit hundretals på tribunen. Publikum vart takka med bølgen frå eit meget tilfreds FK Vang etter kampslutt.

Vinterserien har vore bra for oss, laget er litt på nivået me viste på slutten av sesongen i 2018. Heimelaget spring meir og er bedre i duellane enn gjestene frå nabokommuna. Slidre/Røn hadde si beste periode i slutten av 1. omgang, men ein fantastisk Knut Ole Ranheim var heilt sjef i mål.

FK Vang starta kampen meget bra, me trillar ball og får romma me søkjer mellom lagdelene til gjestene. Rett og slett fotball på eit bra nivå til tider, fire bra sjanser har heimelaget 1. omgangen men me makter ikkje å få ballen inn i nettmaskene. 
I pausa er laget rimelig fornøyd, men liker ikkje at me inviterer gjestene inn i kampen på slutten av omgangen.
Vegard Kjøs Egge blir bytta inn i pausa og bruker krafta og teknikken sin bra, FK Vang er veldig gode denne omgangen og scorar som nemnt målet som gjer ein fortjent 3 poenger i seriestarten. Slidre/Røn har vel kun ei halvsjanse og ein corner denne omgangen.

Moro med unggutane på FK Vang, Håvard Frøyen som er 15 år spelar ein meget god kamp og får pallplass i kåringa av dagens FK Vang spelar. Dette er meget sterkt, Håvard er vel den yngste spelaren som har starta A-lagskamp for FK Vang til nå.

Kaptein Knut Ole Ranheim blir kåra til FK Vang sin beste spelar, Vegard Kjøs Egge får sølvplassen i kåringa og Kasper Kjeldsen og Håvard Frøyen deler bronseplassen.
Heile laget presterer bra, også dei som ikkje får speletid i dag er meget viktige for denne seieren.

Laget: Knut Ole, Håvard, Ola, Kasper, Christian, Tobias, Vemund, Kim, Eivind, Åsmund, Jan Magne, Vegard, Øyvind, Lasse, Rokas, Anders, og Emran 

Trening tirsdag kl. 20.00
Neste kamp: FK Vang - Vest Torpa, på Tveit fredag 10 mai kl.19.30       

   

FK Vang - Follebu: 0-2 (0-1)

PUBLISERT 02.02.2020

Vinterserien 2020. Valdres Storhall søndag 2.februar kl.12.00. Dommar: Morten Huset. Publikum: ca.30 stk. Alt i alt en god start for FK Vang på stor bane denne sesongen. Follebu som var motstander denne kampen er divisjonen over og bør vinne. FK Vang sine keepere sto hver sin omgang og klarte seg begge meget bra. Sisteskansen til Follebu var fantastisk i flere situasjoner og var nok banens klart beste spiller i dag. Follebu var best før pause og FK Vang var best etter, FK Vang spillerene kan være godt tilfreds med prestasjonen. Det var bra tempo i kampen fra start til slutt, Øyvind, Steffen og Trym som alle er nye i år hadde alle gode innhopp.

Les meir »

Beitostølen Cup

PUBLISERT 18.01.2020

Beitostølen helsesportsenter 17-19 januar 2020. FK Vang er videre etter innledende kamper fredag 17 januar. Gode prestasjoner og FK Vang blir gruppevinner i en gruppe med sterke lag, Valdres FK 1, Dokka SK, Slidre/Røn og Øystre Slidre/Rogne var motstandere. Nr. 1: FK Vang, 9 poeng 6 pluss mål. Nr. 2, Valdres FK 1, 9 poeng 5 plussmål, Nr 3: Dokka SK, 9 poeng og 4 plussmål. Nr. 4: Slidre/Røn 1, 3 poeng og Øystre Slidre/Rogne endte sist i gruppen.

Les meir »

Sesongen 2020

PUBLISERT 09.01.2020

FK Vang A-lag er igang med treninger på nyåret 2020. Vi trener i Valdres Storhall tirsdager kl. 18.45 - 20.15. Om det er nye eller tidligere spillere som ønsker å spille fotball med FK Vang, ta kontakt med Ola Rogn Tveit Tlf.: 99544427 eller e-post: olarogn.tveit@delaval.com

Les meir »

Fotballavsluttning 2019

PUBLISERT 09.11.2019

Karlas bowling på Fagernes laurdag 9. november. Kvelden starta med bowling, Kasper var uslåelig og vant med sluttsummen 154 poeng. Pizza og brus sto på menyen, klubben spanderte dette til serievinnaren som fekk som fortjent. Ola Hilmen Hovi vart kåra til årets spelar, Ola stiller opp og har ikkje forfall til kampar denne sesongen, slå den!!

Les meir »