Kasper Kjeldsen10 mål i 2019
Vegard Kjøs Egge7 mål i 2019
Vemund Syversrud7 mål i 2019
 

FK Vang - Dombås: 1-0 (0-0)

PUBLISERT 19. oktober 2019

Tveit stadion kunstgras laurdag 19.oktober kl. 15.00.
Dommar: Tommy Frydenlund, Gjøvik Lyn.
Assistentar: Svenn Ola Fossholt og Ragnhild Flugstad Øistuen.
Speaker: Nei.
Publikum: 30 stk.

Dombås startet KM sluttspillet med å slå Brøttum 6-0, FK Vang møtte Brøttum i kamp 2 og fekk 7-2 på pukkelen.
Dombås var derfor klare favoritter i dagens kamp, men FK Vang ville det anderledes. Topp innsats og rimeleg bra press i 90 minutt av heimelaget gav oss fortjent seier i årets siste kamp. Femtenåringen Håvard Frøyen var gutten som scora kampens einaste mål, og målet kom etter retur fra keeper på eit frispark.

FK Vang var meget gode i starten, laget var påskrudd og skapte ei dobbelsjanse før det var gått 5 minutt. Heimelaget hadde også eit godt tilløp like etter, men ballen ville ikkje inn i målet.
Vemund Syversrud blir desverre skadet etter kun 12 minutt, Vemund er i ein duell og får mest sansynlig ein alboge i panna/tinningen. Stor blødning som me får stoppa, Vemund kjører sjølv på legevakta og har kome med tilbakemelding om at alt er vel men at han måtte syast ein del sting. 
Åsmund erstattar Vemund på offensiv midtbane og kneskada han har slitt med ser ut til å være borte heldigvis.
Like etter dette får Haakon strekk i ein løpeduell og han må ut og blir erstatta av Marcus som også er halvskadd, men som også klarer seg godt resten av kampen.
Heimelaget er gode i store deler av 1. omgang og gjestene skaper kun litt i slutten av denne. Absolutt godkjent av FK Vang til pause, me er innstilt på at denne kampen skal sluttførast på ein god måte. Dombås har fått 3 gule kort i omgangen og det fortel vel litt om kampen så langt. 

Andre omgangen startar med stillingskrig utan at så mykje skjer inne i 16 meterane, begge lag kjempar godt men lite med sjanser blir skapt.
FK Vang får 3 cornera og er nesten på eit par av dei utan att det blir notert sjanser.
70 minutt av kampen er gått når Thomas Hilmen bryt ein passning og går mot mål, han blir felt av bakerste mann i Dombås. Dommaren bles frispark og Dombås sin spelar får raudt kort i situasjonen. Åsmund Bakkene er frisparkskytter frå 18 meter, han smell ballen forbi muren, keeperen reddar men gjer retur som vår femtenåring Håvard Frøyen er frampå og scorar nydlig på. FK Vang var veldig frampå i denne situasjonen og ballen skal rett og slett inn i Dombås sitt mål, meget bra av Håvard som viser sin målteft med sitt 5. mål denne sesongen.
Med ein mann mindre blir det ikke enkelt for gjestene, men dei prøver. Ti minutt før slutt får Dombås si einaste sjanse i omgangen, men Knut Ole er på skuddet og ballen går i stonga og ut heldigvis.

Laget: Knut Ole, Håvard, Haakon, Ola, Lasse, Tobias, Kim, Thomas, Eivind, Vemund, Jan Magne, Åsmund, Marcus, Olav og Rokas 

Dagens menn vart Åsmund Bakkene, Jan Magne Almenning og Ola Hilmen Hovi, Knut Ole Ranheim og Lasse Kjøs tek andre plassen i kåringa og Håvard Frøyen tek tredjeplassen.
Laginnsatsen er fremragende og heile 12 stk får stjerner i kåringa.
Godt å avslutte sesongen med seier, FK Vang er ubeseira på Tveit i år, Tveit stadion har blitt vårt fort! 


Me ynskjer Dombås lykke til i KM finala mot DK Leiret neste helg.
Håpar (kald) drikke smakte godt over flya, sjølv om dei tapte i dag.
                 

Fotballavsluttning 2019

PUBLISERT 09.11.2019

Karlas bowling på Fagernes laurdag 9. november. Kvelden starta med bowling, Kasper var uslåelig og vant med sluttsummen 154 poeng. Pizza og brus sto på menyen, klubben spanderte dette til serievinnaren som fekk som fortjent. Ola Hilmen Hovi vart kåra til årets spelar, Ola stiller opp og har ikkje forfall til kampar denne sesongen, slå den!!

Les meir »

Brøttum - FK Vang: 7-2 (3-1)

PUBLISERT 12.10.2019

Tømmermyra stadion lørdag 12.10.2019 kl.15.00. Dommer: Terje Nordfjærn, Otta il. Assistenter: Roar Steinslien, Gausdal FK og Kjartan Mørk Enehaug, Bønes il. Speaker: Ja. Publikum: 50 stk. FK Vang var på langtur til Hedemark fylke og Brøttum i dag, desverre så manglet vi mange sentrale i dag og det bar laget preg av. FK Vang presterte ikke akkurat over evne og slo mye langt på en salrygga, glatt og ujamn grasbane. Heimelaget behersket både underlaget og spillet bedre og vant fortjent.

Les meir »

Dokka SK 2 - FK Vang: 2-0 (2-0)

PUBLISERT 29.09.2019

Dokka stadion lørdag 29.09 kl.15.00. Dommar: Arvid Holmlund. Speaker: Ja. Publikum: 30 stk. FK Vang reiste til Dokka med kun 12 mann til denne kampen som var uten betydning for oss. Tapet førte Dokka SK 2 opp på andre plass, Slidre/Røn havnet dermed på tredjeplass i avdelinga. Lagene hadde hver sin omgang, men gjestene maktet ikke å score selv om antallet sjanser var mange. Dommaren kom litt i fokus etter kun 2 minutt, då han fekk problem med sitt eine kne. Kampen vart dømt frå midtsirkelen etter dette og det gjekk rimeleg greit.

Les meir »

FK Vang - Søndre Land: 5-0 (3-0)

PUBLISERT 21.09.2019

Tveit stadion kunstgras laurdag 21.09 kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal, Kolbu KK. Publikum: ca 40 stk. Speaker: Kjell Magne Kvale. 5-0 seier i siste serie/heimekamp i år, nå står det igjen ein seriekamp pluss KM kamper i oktober. Kampen i dag var bra av FK Vang og fyrste scoringa kom i det 4. minutt og den siste etter ca. timen. Både sjanse og spelemessig var det overkjøring sjølv om landingane jobba godt og sto på til siste slutt. Femtenåringen Håvard Frøyen scora like så godt tre mål etter å ha blitt flytta framover på banen denne kampen. Han og Kasper Kjeldsen vart kåra til dagens menn i FK Vang.

Les meir »