FK Vang - Bagn/Valdres2: 1-0 (1-0)
PUBLISERT 29. september 2023
Tveit stadion kunstgras fredag 29. sept. kl. 20.00.
Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL.
Ass.dommer1: Nils Jørgen Forreløkken, Øystre Slidre IL.
Ass.dommer2: Niklas Lund Ulfstedt, Øystre Slidre IL.
Speaker: Ordfører Vidar Eltun.
Kampvert: Kai Rune Hemsing.
Publikum: ca 60 stk ifølge kampvert.
Herlig med seier mot eit godt kjempande Bagn/Valdres FK2 i
flomlyset på Tveit stadion i kveld. FK Vang var meget gode før
pause, tempoet var stort og passningane og bevegelsen var
prima.
Even Neshagen får bra treff etter ein retur frå forsvaret til
gjestene og fører FK Vang i ledelsen etter kun 7 minutt. Even som
kun er 16.år blir toppscorer for FK Vang A-lag denne sesongen, med
dette treffet og kampens einast mål. Storvegs prestasjon av vårt
unge talent.
FK Vang spelte kanskje sin årsbeste omgang før pause i kveld. Det
er moro å sjå laget i aksjon når me spelar opp mot det eg veit våre
gutter kan. 5 sjanser og 5 cornere er notert før kvilen, og Even
har vel den største som går i tverrliggaren midt i omgangen. Bagn
på si side skapte fint lite før pause og var heldige som låg kun 1
mål under etter dei fyrste 45 minutta.
Etter kvilen kjem Bagn/Valdres FK2 meir med i kampen utan at det
skjer så alt for mykje i vår boks for gjestene. Det er og blir
stillingskrig heile omgangen og spenninga i kampen er der til siste
minutt.
Det er mange slitne gutter/menn når dommaren bles for full tid, og
som sagt herlig med tre poeng i potten som var fult fortjent.
Også fint at dommertrio er på plass, dei klarer seg godt i ei
rimelig tøff batalje med mange dueller.
Laget: Christian, Olav, Markus, Kasper, Magnus, Jan Magne, Kim,
Åsmund, Eivind, Even, Tobias, Kjell Magne, Emran, Kai Arne og
Haakon.
Kveldens FK Vang spelar vart Tobias Kassel med god margin, Even
Neshagen tek sølvplassen i kåringa og Jan Magne Almenning og Kasper
Kjeldsen kjem begge på pallplass i kveldens kamp.
Ellers god innsats på heile hurven!
Hedølene i FK Vang stallen fortjener også noen ord, det har vært
en stor glede å bli kjent med disse gutta fra sør i Valdres og
bidraget dei har lagt ned for FK Vang.
Evig unge Kjell Magne påstår dette er hans siste opptreden i FK
Vang trøya, men jeg sier "time will show!"
Stor takk til publikum som stiller opp og absolutt bidrar til FK
Vang sine resultater.
FK Vang - Vest Torpa: 0-1 (0-0)
PUBLISERT 25.02.2024
Valdres Storhall laurdag 24.februar 2024 kl. 14.00. Dommar: Morten Huset, Aurdal Leira IL. Fint å koma igang med årets fyrste treningskamp. Vest Torpa har ønsker om å være med i toppen i si avdeling i 6. divisjon og er slik sett ein fin motstander for oss som er med i Valdresavdelinga i 6. div. FK Vang spelar ein god kamp og kan fort vinne kampen med fleire mål om dei gedigne sjansene blir putta.
Avsluttning 2023
PUBLISERT 04.11.2023
Tveit stadion klubbhus laurdag 4. november 2023. Ein del av dei 30 spelarane som hadde speletid for FK Vang i 2023 møtte opp og hadde ei fin stund på klubbhuset. Man U og Man City vant begge sine kamper som gjekk på 65 tommer storskjerm lånt fra Monter på Kvismoen. Tobias Kassel vant suverent tittelen årets spelar, foran Kasper Kjeldsen og Markus Kjensrud. Tobias fekk også premie som assistkongen 2023. Evene Neshagen fekk toppscorarpokalen og Åsmund Bakkene fekk premie for årets mål
Slidre/Røn - FK Vang: 4-2 (3-2)
PUBLISERT 16.09.2023
Røn stadion lørdag 16.september kl. 15.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Publikum: 50 stk. Slidre/Røn hadde mobilisert til dagens kamp og vant fortjent. FK Vang hadde kun 2 stk på benken og det vart tungt utover i kampen på ein blaut grasbane i Røn. Slidre/Røn kjempa best og fekk sin fyrste seier for sesongen, FK Vang er dessverre ute av seriemestertittelen etter tapet i dag. Tobias Kassel scora kampens fyrste mål etter 2 minutt, men Slidre/Røn kvitterte kun minutter seinare.
Ø.Slidre/Rogne - FK Vang: 1-1 (1-0)
PUBLISERT 01.09.2023
Rogne stadion kunstgras fredag 1.september kl. 20.00. Dommer: Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL. Ass.dommer 1: Morten Huset, Fagernes IL. Ass.dommer 2: Nils Jørgen Forreløkken, Ø.Slidre IL. Speaker: Nei. Publikum: ca. 40 stk. Spennende og intenst oppgjør som flere tilskuere absolutt burde ha fått med seg. Kasper Kjeldsen kjemper ballen inn 7 minutter på overtid i kampen og ordner fortjent poengdeling for gjestene. Ø.Slidre sin scoring kom rett før pause. Alt i alt var dette rimelig rettferdig sjølv om FK Vang fort kunne avgjort kampen til sin fordel på slutten.