Ridabu - FK Vang: 3-0 (2-0)

PUBLISERT 12. september 2015
Black River Park kunstgress, fredag 11 september kl. 20.00
Dommer: Johan Grundt
Assistentar: Rino Lund Schjetne og Reidar Olafsen
Publikum: ca 20 stk.
Fortjent seier til heimelaget, mot eit heller svekka FK Vang som
mangla fleire sentrale spelara i kveldens kamp.
Ridabu var klart best dei fyrste 45 minutta og leia fortjent 2-0.
FK Vang var heilt på høgde siste omgangen, men makta ikkje å score
sjølv om det var åpent mål på den største av sjansene.
Dårleg innledning til kampen for gjestene sin del med forfall tett
innpå kampstart. Tolv spelara var med nedover så all ære til dei,
savnet av sentrale midtbanespelara var der, men dei som fekk
plassen klarte seg rimeleg bra.
Ridabu var som i vårmøtet eit godt spelande lag, litt rart dette
laget ikkje er høgre på tabellen. Heimelaget pressa på i starten av
kampen og utnyttar det rommet som blir mellom vår forsvarslinje og
midtbane godt. To scoringar kjem på denne måten, assisten på begge
desse måla kjem frå spelar i mellomrommet som sler gjennom
angripar. Måla kjem i det 11 og 31 minutt og begge er
fortjent.
FK Vang skapar ei stor sjanse i 1. omgang på ein corner, hedding
utanfor på åpent mål, men spelar vart blenda av flomlyset på
banen.
I pausa var det fokus på tinga som ikkje fungerte, og me justerte
litt på laget.
Andre omgangen vart klart bedre frå FK Vang si side. Ridabu var
fortsatt det førande laget, men fekk fleire farlige kontringar mot
seg.
Sjølv om FK Vang hadde sine forsøk var det Ridabu som fekk scoring
også denne omgangen etter 68 minutt.
To av sjansene våre var store også denne omgangen, den største er
omtala før.
Det er viktig score på sjansene, når dette ikkje lykkast i kveld
er det berre og øve og prøve igjen neste serierunde.
Den unge dommartrioen klarte seg meget bra, god prestasjon av
hoveddommar som er berre 16 år og har full kontroll.
Laget: Jarle, Håvard, Frank, Kasper, Tore, Eirik, Øyvind, Kim K,
Vegard K E, Sverre, Erik og Vegard E.
Frank Skoglund vart kåra til FK Vang sin beste, fjorårets spelar
er skikkeleg igang att etter skaden han fekk i vår. Sverre Melby og
Kim Kveno er poenget bak Frank og deler sølvplassen, Jarle Haugrud
er på neste plassen.
Håvard Rogn Tveit leverer årsbeste, bra av 17 åringen som er
poenget bak Jarle.
Trening måndag i veka som kjem kl. 19.30.
God Jul og Godt Nytt År (1)
PUBLISERT 27.12.2015
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir
FK Vang A-lag 2016
PUBLISERT 14.12.2015
Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.
Årets spelar 2015
PUBLISERT 13.12.2015
Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.
Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)
PUBLISERT 10.10.2015
Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.