Løten - FK Vang: 5-0 (2-0)

PUBLISERT 26. september 2015
Løten kunstgress 26 september kl. 15.00
Dommar: Sondre Sørensen Kielland
Assistentar: Rolf Martinsen og Kim Andre Sandbakk
Speaker: Ja
Publikum: ca 50 stk.
Gjestene var kun 11 mann i dagens kamp, utfallet sa seg vel
allerede før kampstart i dagens oppgjer på Løten.
Heimelaget er heilt i toppen i avdelinga og har ei god
senterlinje i laget sitt, med fleire spelara som har prøvd seg i
høgare divisjonar. FK Vang tetta rimelig bra i store deler av
kampen, men skapte vel ikkje det heilt store sjølv. 5-0 til Løten
er eit greit resultat, sjølv om det sto 2-0 når det var att 15
minutt av kampen.
Måla kom i det 15 og 20 minutt i fyrste omgangen, det siste av dei
var sjølvmål etter ein corner.
Etter pause gjekk det over halvtimen før Løten putta sitt tredje,
det etter att heimelaget hadde bytta fleire sentrale spelara.
Gjestelaget frå Vang prøvde seg høgre i banen og det straffa seg
med tre mål i mot i løpet av 5 minutt.
FK Vang skapte sitt i slutten av kampen og hadde ei halvsjanse og
to cornera på tampen.
Det blir tøft for gjestene som var utan innbyttarar, men som alle
sto på til dommaren bles for full tid.
Laget: Jarle, Tore, Thomas, Frank, Vegard E, Eirik, Kim B,
Vegard K E, Henrik, Øyvind og Sverre.
Thomas Hilmen blir kåra til dagens mann i FK Vang, Thomas styrer
godt frå sin midtstopparposisjon og Løten går i offsidefella gong
på gong i dag. Keeper Jarle får sølvplassen og Vegard Kjøs Egge
kjem på tredje.
Trening i veka som kjem: Måndag kl. 19.30.
God Jul og Godt Nytt År (1)
PUBLISERT 27.12.2015
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir
FK Vang A-lag 2016
PUBLISERT 14.12.2015
Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.
Årets spelar 2015
PUBLISERT 13.12.2015
Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.
Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)
PUBLISERT 10.10.2015
Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.