Gran - FK Vang: 7-1 (3-1)
PUBLISERT 28. juni 2015
Sparebanken 1 banen på Gran søndag 28 juni kl. 15.00
Dommer: Trond Nesset
Assisentar: Henrik Mathias Bjøaltlien og Jan Erik Haugom
Publikum: 30 stk.
FK Vang reiste med kun 12 mann til dagens kamp og fekk det tungt
på slutten. Gran viser at dei er eit av dei beste laga i avdelinga
og kan fort væra det laget som blir å finne i 3. div i 2016.
Gran scora sitt fyrste veldig tidlig sjølv om gjestene var
innstilt på å stå i mot og halde nullen. Etter rapporten gjekk Gran
opp i 2-0, men FK Vang var rimelig bra med og Gunnar Nerstad
reduserte til 2-1. Dette var Gunnar si fyrste scoring for klubben,
scoringa kom etter ein retur frå Gran sin keeper. Denne stillinga
sto seg lenge dei fyrste 45 minutta, Gran putta eit til på slutten
av omgangen.
I andre omgang vart FK Vang slitne i sommarvarmen, Gran bytta ut
fleire og Hadelendingane kom sterkt på slutten av kampen med 3 av
måla sine.
Alt i alt synd med alle forfalla på tampen inn mot kampen, men
slikt skjer. All ære til dei 12 som tok turen og gjennomførte 90
minutt mot topplaget Gran.
Laget: Jarle, Kasper, Øyvind, Tore, Vegard E, Sverre,
Anders, Kim B, Eirik, Kai Arne S, Gunnar og Håvard. Alle
med mykje speletid.
Dagens mann på FK Vang vart Øyvind Kjøs Egge med Jarle Haugrud
like bak. Anders Skrebergene og Tore G Haugen kom på delt tredje.
Bra innsats av heile laget.
Trening måndag kl. 19.30
God Jul og Godt Nytt År (1)
PUBLISERT 27.12.2015
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir
FK Vang A-lag 2016
PUBLISERT 14.12.2015
Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.
Årets spelar 2015
PUBLISERT 13.12.2015
Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.
Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)
PUBLISERT 10.10.2015
Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.